Sviket
Sterk roman blir sterkt teater med sterkt spel i hovudrolla.
Reidun Melvær Berge som spelar den morlause Vibeke, ber framsyninga.
Foto: David Zadig
Nok ein roman er dramatisert for scenen, men denne gongen er det ikkje blitt berre lettvint nedhøvling av ein prosatekst. Brynjulf Jung Tjønns ferske roman er eit realistisk og skakande dokument om omsorgssvikt som går i arv, og Miriam Prestøy Lie har skapt godt teater av det – heile tida frå barnets perspektiv.
For morlause Vibeke (Reidun Melvær Berge) dreier alt seg om faren (Kyrre Eikås Ottersen), som ho elskar så høgt. Men den snille og velmeinande far hennar er også veik og tyr til alkoholen når verda går han imot. Då prøver jenta å avleie faren på ymse vis, men han finn alltid vegen til ølflaskene.
Så går det heilt gale, og faren stikk av. Inn kjem ei tante, som i boka er streng og lite empatisk, men som Idun Losnegård gjer til ein ilter kommandersersjant som det er uråd å sjå som noko anna enn ein (feilplassert) karikatur. Ho bryt med tonen i framstillinga, og det er ikkje lett å skjøne kvifor regissøren har late dette skje.
Til gjengjeld leverer Ottersen ein solid prestasjon som faren, og 24 år gamle Reidun Melvær Berge er overtydande som den unge jenta. Ho får fram angsten og lengten, kjensla av utryggleik og vona som aldri vil døy – at far hennar skal komme tilbake. Det er ei krevjande rolle som ho taklar svært godt, og med spelet sitt ber ho heile framsyninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.