Bok

Sunt bondevit står seg

Bondevett handlar om eit avslutta kapittel. Difor har boka mykje å seie til framtida.

Publisert

Nett før eg set meg ned for å lese boka Bondevett, skal eg fjerne ein planke som er spikra fast på ein pall. Til å hjelpe meg har eg eit kubein, men kubeinet vil ikkje inn i mellomrommet det er laga for å bryte opp.

– Du må ta fart. Det hjelper ikkje å bruke berre armane, du må ha med heile kroppen, får eg høyre frå sidelinja, som har førti års fartstid i praktisk arbeid.

– Det er ein teknikk med alt, smiler han då eg får det til.

Overgangen er nærast saumlaus inn i Erik Stenviks gardbrukarunivers. For dette òg er bondevett: alle dei små teknikkane, og å vite når ein skal bruke dei, korleis dei kan kombinerast, at ein kan lite på dei og seg sjølv – som oftast er dette to sider av same sak – når noko uventa skjer, når oksen slit seg og ein ikkje har anna enn kjeledressen i bevernylon å hjelpe seg med, eller korleis ein reiser sperr i lause lufta, kommuniserer på eit bråkete sagbruk og lærer ein arbeidshest å gå beint.

«Selv om jeg aldri ble fagmann som anna enn veterinær i egentlig forstand, ble jeg etter hvert også en habil tømmerhogger, smed og snekker», skriv Stenvik, og det gjev han store mengder glede: For når målet ikkje er å finne den mest lettvinte eller ein gong billegaste løysinga, men tvert om å skape noko «ved hjelp av den kompetansen vi skaffa oss gjennom teoretisk innsikt og praktisk erfaring», er kunnskapen i seg sjølv og ikkje minst gleda over han tusen gonger viktigare enn nemninga på han.

Sentralt plassert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement