Bok
Studiepoeng til debutant
Karina Karlsen Aase skriv friskt og underhaldande om eit studentliv på halv tolv.
Karian Karlsen Aase er utdanna litteraturvitar, arbeider som lærar og har gitt ut sin første roman.
Foto: Cappelen Damm
Studentlivet, hugsar mange av oss, kan fortone seg som både utstrekt og medvitsutvidande, og klaustrofobisk og trongbudd. Hos debutanten Karina Karlsen Aase er det definitivt snakk om begge delar.
Frustrasjon
Det er romjul. Kathrine bur i kollektivet på Nygårdshøyden i Bergen i staden for å bruke fridagane heime hos familien på strilelandet. Internettet er nede. Venene er for det meste bortreiste. Det er kaldt ute, men særleg inne. Ho sit med lue under dyna og høyrer på LP-plater. Ho har ikkje mykje pengar å bruke. Ho steiker ris til middag med frosne grønsaker. Ho går til PC-salen på universitetet for å chatte med vener og sjekke siste nytt frå bloggane ho følgjer. Det er ganske stussleg.
Samstundes har ho gode vener, eller i alle fall vener, som ein og ein begynner å kome tilbake etter julefeiring. Då er det ikkje langt til uteliv og privatfestar, til sex og alkohol og sjangling gjennom bergensgater, til intrigar og konfliktar med veninner, til kjenslemessige frustrasjonar som ein tydelegvis alltid må takle åleine om ein er Kathrine.
Kathrine er ein kvikk, ironisk, replikksterk person, som i større grad blir sett på som ein ven enn som eit seksuelt objekt av gutevenene. Av veninnene blir ho ikkje rekna for særskilt hjelpetrengande. Men vår hovudperson har òg eit indre liv som ikkje alltid er i vater. Blant anna planlegg ho ei framtid med den pene, men litt arrogante karen Lidefjes, men lesaren er ikkje sikker på om han har same planane. Oppi det heile er ho fylt med tvil omkring faget ho studerer, eller om å vere student i det heile: Er ho skikka til det, smart nok?
«Det var sa° mange bøker hun ville lese. Sa° mange bøker hun hadde lyst til a° ville lese.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.