Teater

Strålande kammerspel

Godt samspel gir liv til stykke som kanskje har sett sine beste dagar.

Espen Hana og Even Stormoen spelar kvarandre gode.
Espen Hana og Even Stormoen spelar kvarandre gode.
Publisert

Det er ikkje så lett å sjå kva som har gitt dette stykket ein så langvarig suksess på scener over heile verda, for det har ikkje nokon spesielt aktuell bodskap, og tida og forholda det skildrar, verkar fjerne. Kan forklaringa vere at Påklederen appellerer så direkte til hjarte og kjensler, og at med dei rette aktørane i hovudrollene kan stykket gi ei teaterstund av dei sjeldne?

Rogaland Teater har funne dei rette parhestane, to scenekunstnarar som veit å spele på kvarandre og gjere kvarandre gode. Med Espen Hana og Even Stormoen i rollene som han som kler på og den falmande Shakespeare-tolkaren som blir kledd på, er det duka for fin replikkunst, ypparleg timing og bråe sprang mellom humor og tristesse.

Dei to arbeider i eit omreisande teaterensemble som dreg frå stad til stad med Kong Lear i krigens England. Sir, som primadonnaa blir kalla, slit med motivasjonen, alkoholen, minnet og helsa. Sebastian, som går han til hande, må utføre tryllekunstar for å få Sir nokolunde speleklar til kveldens framsyning.

Kampen mellom dei, især på det verbale planet, er stykkets motor. Sir må lokkast og lirkast med. I den eine augneblinken kan han vere vennleg og medgjerleg, i den neste gjer han seg heilt umogleg. Og Sebastian må takle påfunna og stemningsskifta hans – samstundes som han freistar overtyde resten av ensemblet om at Sir kjem til å stå på scena denne kvelden òg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement