Bok

Strålande avslutning

Lars Saabye Christensens innblanding i sin eigen roman gjer sterkt inntrykk.

Lars Saabye Christensen har avslutta trilogien frå Fagerborg i Oslo
Lars Saabye Christensen har avslutta trilogien frå Fagerborg i OsloLars Saabye Christensen har avslutta trilogien frå Fagerborg i Oslo
Publisert

Roman

I tredje band av Byens spor. Skyggeboken møter vi igjen den vesle familien frå Fagerborg på Oslos vestkant som vi frå før har følgt gjennom 1950- og 60-åra. No er vi komne til slutten av 60-åra og byrjinga av 70-åra. Narkofolket tar plass i Slottsparken. Det politiske klimaet blir spissa og delt i slengbukser og slipsberarar. Ein må ta stilling til EEC. Det er ei brytingstid, der Maj Kristoffersens «gamaldagse» haldningar får brynt seg mot neste generasjons. Raudekrossen har vore ein sentral del av dei to førre romanane, og hjelpetiltak derfrå finst framleis, men «Veldedigheten har fått trangere kår». Ein type solidaritet raknar, ein annan får fotfeste.

Sjølv på rollelista

Jesper, son til Maj, har vore vekkreist lenge, og når han kjem tilbake, er han vekkreist på ein annan måte. Veslesøstera Stine gjer sine dyrekjøpte erfaringar med utdanning, gutar og verdisyn. Jespers kamerat Jostein held på med inntening og sparing, eting og slanking, og heldigvis med sin heilt eigne måte å ordlegge seg på. Fru Hall, tidlegare Vik, strevar med sitt og håpar ingen skjøner kva som skjer bak lukka dører. Også denne gongen er livet til desse personane, og livet til byen, vakkert skildra.

Men denne gongen gir teksten plass til ein karakter til: forfattaren. Han vender seg til lesaren som eit eg, midt i tredjepersonsforteljinga. Han skriv inn sitt blikk på skriveprosessen, på si eiga sjukdomshistorie, og han ikkje berre viser til andre bøker han har skrive, men lar karakterar frå andre romanar blande seg inn i handlinga. Opningsscena viser Kim, Gunnar, Sebastian og Ola frå Beatles, der dei kastar bilmerke dei har stole uti sjøen, og der kjem dei over ei hending utført av ein person frå Byens spor. Vegane til Kim Karlsen frå Beatles kryssar seinare vegane til Jesper Kristoffersen.

Christensen skriv plutseleg at det var «min mor» som sørgde for referata frå Raudekrossen, ikkje Maj. Han skriv at det var før «vi» begynte å rappe bilmerke, som om han var ein del av firarbanden i Beatles. Han ser seg om i dødsannonsane, reflekterer over eigen alvorlege diagnose. Og han bruker dette nivået til å gå inn i og ut av hovudhandlinga, saumlaust og relevant, vitalt og givande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement