Bok

Storslått og gripande

Jens M. Johansson skriv drivande godt og nyansert om ein løgnar og familien hans.

Jens M. Johansson har skrive ei rekkje bøker, både skjønnlitteratur og sakprosa, etter debuten i 2002.
Jens M. Johansson har skrive ei rekkje bøker, både skjønnlitteratur og sakprosa, etter debuten i 2002.
Publisert Sist oppdatert

Mor mi likte å seie: «Kon­sonantanes orden er likegyldig». Mor mi hadde humor. Det har ikkje mor til Storm, vil eg påstå, i Jens M. Johanssons Familieverdier.

Mor til Storm er eit feira teatermenneske og teatersjef, og ho likar å kalle inn til søndagsmiddagar, mest for å få ei scene å utfalde seg på, kan det verke som. Men dei andre får òg kome til orde: den konservative, lett rasistiske søstera Petra, den opnare (men likevel meir stengde) sexologsøstera Cecilie, deira menn og barn, eksar av mora og deira nye damer, og Storm sjølv med hans familie, som er franske Margot og barna Claude og Juliette.

Obs! Handlingsrøping

Samtalane går om ting som har ei viss samfunnsvekt, om kunst, om kjønn, om tollprisar på ost. Men når vi har vore gjennom fleire søndagsmiddagar, og emna gjentar seg, kjennest det mest som ord. Som staffasje. Til sist kjennest det som om konsonantanes orden er likegyldig.

Jens M. Johansson teiknar opp eit miljø der personane snakkar utruleg mykje, handlar mykje òg, men likevel står lesaren igjen med ei kjensle av tomheit, på vegner av samtalane. Mora, den legendariske Gerd Bye, gjer ikkje noko i dag, ho lever på minna av å vere feira kunstnar. Storm sjølv, som vi følgjer tettast, er ein forretningsmann med fleire gode idear, men òg mange havarerte prosjekt bak seg. Han er ein konkursramma løgnar. Han held seg sjølv og kona for narr ved å halde oppe trua på at det neste prosjektet blir bra.

Når ekteskapet òg går under, er det neste prosjektet å sette opp den greske tragedien Medea som ein musikal «med glimt i auget». Som i dei greske tragediane går det ikkje bra til slutt. Og som i dei greske tragediane handlar dette om Storms hybris, altså overmot. Han har for stor tiltru til eigne løgner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement