Bok
Stødig om sakn
I sterke noveller skildrar Lars Amund Vaage korleis ord, eller mangelen på ord, påverkar relasjonar og stemningar.
Lars Amund Vaage har skrive åtte noveller om ord, språk og kommunikasjon.
Foto: Hans Jørgen Brun
Dei åtte novellene i Lars Amund Vaages Den vesle pianisten handlar på kvar sine vis om ord, språk og kommunikasjon – og då helst mangel på det. Mange av personane står som bak ein glasvegg og ser at her kunne ein tydd til ord for å nå gjennom til andre, men «ord måtte ikkje opna seg». Det kan òg dreie seg om ikkje å finne ord, ikkje ha vilje til å finne ord, og ikkje finne anna enn harde ord. Forfattarar er heldigvis i den særstillinga at dei kan skildre språkløyse og ordløyse med språk, med Vaage i tetsjiktet.
Kven er bortkommen?
To av novellene verkar særleg sterkt på meg, og det er den første og den siste. Begge har ein liten gut i hovudrolla, og begge desse gutane veks nokre tiår tilbake i tid. I «Den bortkomne» er det onkel Hans som er bortkomen, sidan han har reist til Amerika og blitt der. Bror hans kom heim for lenge sidan og tok over garden. No kjem onkel Hans òg, som gammal mann, så novella kunne vel heitt «Den heimkomne». Det gjer ho ikkje. Det seier noko om at det nok ikkje er Hans, men guten Tomas, som er i slekt med Hans nokre sidelengse ledd nedover, som er bortkommen.
Tomas går til kvardags mellom heimen sin – der orda er mange og stygge – og huset til onkel Andreas og tante Betzy, der orda er få og omgangsforma mild. Her snakkar dei ikkje alltid i ord, og det er å føretrekke: «Det var det ordlause som løfta Tomas, som roa han og lét han leva.» No kjem onkel Hans inn i selskapet, der ingen er ekte onklar og tanter, og grip inn i rutinane. Hans gir seg blant anna muntert til å setje i stand den forfalne garden til foreldra til Tomas, som er den same garden Hans sjølv kunne tatt over. Tomas heng på han støtt, heilt til ei ulukke Tomas har skuld i, plasserer han i eit ordlaust ingenmannsland. Han har ikkje ord for skamma, og dessutan vil ingen høyre. Det er ikkje alltid mangelen på ord lindrar.
Skrekkslagen lytting
I «Seint» veks hovudpersonen opp i eit hus med bakeri i kjellaren. Mor står i det utovervendte utsalet, far i det tilbaketrekte rommet med bakaromnane. Det er ein avgrunn mellom mor og far. Her blir det sagt både for mye og for lite, og alle tidspunkt er feil. Noko er med andre ord gått heilt i stykke mellom dei. Eit hav av allereie veksla ord gjennom samlivet, som ikkje kan takast tilbake, «låg i veggene». Sonen brukar enormt med krefter på å lytte etter kva som gjeld til kvar tid: Kva stemning ligg i stega til far i trappene, kva lurar under mors krappe rørsler på kjøkkenet? Som med Tomas i «Den bortkomne» merkar også denne guten at han har meir trening i å seie fæle ting enn gode, derfor er det det fæle som kjem. Vi lesarane ser med stor medynk på heile situasjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.