Bok

Stilletida og villetida

Susanne Christensens romandebut er nærmast utan lyte. Ja, og gripande.

Susanne Christensen er ein dansk-norsk litteraturkritikar og essayist som no har debutert som romanforfattar.
Publisert

Kva gjer ein pandemi med ein frilansar, som likevel stort sett sit inne og skriv på datamaskina si? Fint lite, skulle ein tru. Men då gløymer ein at ein frilansar, som skriv om fleire kunstformer, som deltar i debattar og på seminar, som held føredrag, også brukar å reise mykje. Når berre tastaturet står igjen, er det formidable sosiale og økonomiske utfordringar under korona for ein frilansar.

Rom for å tenke nytt

No handlar ikkje Susanne Christensens skjønnlitterære debut mest om dette. Men det er lett for ein kollega i yrkessjangeren å kjenne seg gråtkvelt i møte med setningar som: «Det var nærmest livsfarlig å kjøre tog på dette tidspunktet.» Vi levde alle i ein innskrenkingsfestival.

Dansk-norske Susanne Christen­-sen blei kåra til årets kritikar i 2011. Ho har motteke Georg Brandes-prisen i Danmark. Ho er sakprosaist og essayist. Det er ikkje overraskande at romandebuten Svalene sover på månen er språksterk. Men han er òg særs overtydande som roman, blant anna ved at Christensen – som andre gode romanforfattarar – er med på å redefinere sjangeren.

Opningssetninga er: «Jeg vil at historien skal fortelles gjennom Teo.» Teo er ein teddybjørn som eg-personen, som ved eit høve heiter Susanne, har fått av far sin. Christensen vekslar mellom å skrive «eg» og Teo, og slik oppstår eit iscenesett «eg» som tillèt forfattaren å gå inn i prekære kjensler utan at det kjennest klamt.

Teo/eg har tatt vare på mora i månadene før ho går bort, og ryddar etter ho etterpå, det kjem fram at dei to ikkje har vore dei mest identiske knivane i skuffen gjennom tidene. Sjølv om Teo kjenner at dei er merkeleg knytte til kvarandre, ligg det solsystem mellom korleis dei har levd livet sitt. I denne oppvekstromanen og lausrivingshistoria viser Christensen gjennom referansar til musikk, teater, litteratur, tenkarar og akademiske retningar korleis Teo har klart å gå sine eigne vegar. Ikkje minst hjelpte det å flytte mentalt inn i futurismen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement