Teater
Sterkt om demens
Det som gjer Far spesielt, er at forfattaren ser alt som skjer frå hovudpersonens perspektiv.
Stykket viser at demens òg er ei påkjenning for dei næraste. Kamilla Grønli Hartvig i rolla som dottera og Stig Amdam som faren.
Foto: Ane Bysheim
Det er visst eit teikn i tida at demens og Alzheimers sjukdom stadig oftare er tema for film og teater. For mindre enn eit år sidan synte Den Nationale Scene Frode Gryttens Albert og Anna. No får Zellers stykke noregspremiere på same scene, igjen med fine prestasjonar.
Når gamle André ikkje kjenner att personar, men trur nokon freistar lure han, opplever publikum det same. Alt han ser og høyrer, ser og høyrer vi. Derfor blir vi først usikre; er det faktisk nokon som freistar gjere han gal, som i Hitchcock-klassikaren Gasslys? Da siste ord er sagt, kan vi ikkje sikkert vite kva av det vi har sett som er sant, og kva som er hallusinert.
Prestasjon
I sine snart tretti år ved Den Nationale Scene har Stig Amdam truleg aldri levert ein finare prestasjon enn denne. Han syner oss ein patriark av det gamle slaget, sjølvtrygg og heilt utan innsikt i det som held på å skje med han. Han trur at heimehjelpa, som han sjølvsagt ikkje treng, stel frå han. Likeins trur han at framande lurer seg inn til han, for han kjenner dei ikkje att. Og han omtalar ei død dotter som om ho framleis finst.
Steg for steg følgjer vi den aukande forvirringa, fortvilinga og hjelpeløysa fram til han berre roper på mor si. I brå kast vekslar han mellom å kjenne seg som situasjonens herre og ein som blir manipulert og ynkeleggjort. Det nyanserte spelet lèt oss ta del i forfallet, frå stadium til stadium. Nettopp kontrasten mellom gammal stordom og det denne mannen no er redusert til, kallar på kjenslene våre. Og sidan vi opplever det André opplever, er det heller ikkje vanskeleg å møte han med stor empati.
Vanlagnad
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.