Teater

Sterk dramatisering

Eit velfungerande esemblespel løftar Bjørneboes kritikk.

Kritikken av skulesystemet som Jens Bjørneboe tok opp for 65 år sidan, er framleis aktuell.
Kritikken av skulesystemet som Jens Bjørneboe tok opp for 65 år sidan, er framleis aktuell.
Publisert

65 år etter at Jens Bjørneboe gav ut sin sterkt systemkritiske skuleroman, er Jonas framleis aktuell, diverre. Det er ikkje utan grunn boka er trykt i over 300.000 eksemplar i Noreg og omsett til 40 språk. Måten Kilden Teater har behandla stoffet på, som ein kombinasjon av fortelje- og figurteater, bør kunne appellere til mange. For det er blitt ei framsyning med kraft og vitalitet.

Alt i boka er ikkje så lett å få til å fungere som teater – især når ein vil ha med seg så mykje som råd, både skuletematikken og idéstoffet. Men grepet med å la punkbandet Honningbarna stå for det musikalske og samstundes integrere dei fem medlemene fullt ut i det som skjer på scena, er framifrå. Godt fungerer det også å flytte små dokker rundt i miniatyrsamfunnet medan dei blir videofilma. På plussida kjem likeins eit velfungerande ensemblespel.

Meir problematisk blir det når vi etter pause kjem inn i eit totalt omrigga teaterrom, der mykje av handlinga går føre seg i ein «skog» som aktørane vandrar inn og ut av medan dei fører samtaler om klasse og kjønn, dødsstraff og anna – det vi kjenner som «jungmannens historie» i romanen. Her blir det vanskeleg for publikum å få med alt, og det verkar utanpåklistra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement