Bok

Steinbra

Leander Djønnes roman er original, skakande og oppslukande.

Romandebutanten Leander Djønne er biletkunstnar, lærar og gardbrukar frå Hardanger.
Romandebutanten Leander Djønne er biletkunstnar, lærar og gardbrukar frå Hardanger.
Publisert

Eg trur det er rett å seie at stein er hovudpersonen i denne debutromanen av Leander Djønne. Som i stein, berg, fjell, ur. I det første kapittelet blir fjellet personifisert, der det ikkje «bryr seg» om dei ofselege vindkasta, og der det heiter: «Steinen hadde aldri kjent seg framandgjord. Aldri tenkt på seg sjølv som noko anna.» Lesaren blir kasta med hovudet først inn i fjellveggen, på suggererande vis, i eit mytisk og dragande språk.

Underleg og trivielt

Det handlar om Faren, Mora, Sonen og Broren, som har budd på ein gard ved fjorden der det er blitt brote stein gjennom alle tider. Alt i andre kapittelet dreg Faren Mora etter håret langs ura og senkar henne i fjorden. Så ho blir lesaren kjent med først som død, der ho seglar gjennom ei lysverd ned til fjordbotnen.

Alt er så underleg at når vi kjem til side 19 og blir introduserte for Sonen på ei fengselscelle, må vi lese om igjen, for dette verka då veldig trivielt? Kor er ura? Er cella eit bilde på noko anna? Men der sit Sonen altså, og no skal han bli lauslaten. Han kjem ut i eit nærmast obstfeldersk Oslo der det er vanskeleg å fote seg for folk med nervane ute av lage. Det ber utfor.

Sympatisk symbolikk

I denne eigenarta romanen hoppar vi kapittelvis mellom personane, og mellom tider. Mora og tvillingane Sonen og Broren har levd og vakse opp med den fordrukne og valdelege Faren. Medan Sonen er fylt av hemntankar, har Broren «gjort seg fri» ved å velje predikantlivet, på sida av å leie eit gallupinstitutt. Faren er heime på garden og bryt stein, som han no dreg inn og fyller huset med, som eit bilde på eigen psyke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement