Språkets graner er tause
Gaute Heivoll skriv lyrisk variert om dei tause felta me er avhengige av for å uttrykkje oss som menneske.
Det er 17 år sidan Gaute Heivoll sist gav ut ei diktsamling.
Foto: Paal Audestad
Dikt
Gaute Heivoll:
Så nær det synlige krever
Tiden
Gaute Heivoll er mest kjend for prosaforfattarskapen, men han har skrive i mange sjangrar, også lyrikk. I årets diktbok, Så nær det synlige krever, finst tema og motiv som er kjende frå prosabøkene. Ein kan til og med, i somme av dikta, merke ein prosaisk stiltone slå inn.
I dikta krinsar forfattaren rundt noko som støtt unndreg seg, som ikkje blir sett og lagt merke til, som ikkje kan gjerast eksplisitt språkleg utan at det, eller sanninga i det, går tapt. «Uvørne, jagende/ i brå kast under skyene er svalene/ de eneste som følger meg ut/ gjennom porten til det ennå/ ufortalte og derfra videre/ i alle retninger». Det som ikkje kan språkleggjerast, kan dreie seg om det lyriske eget sine eigne tause smertepunkt, skam og feilskjer, om framtida eller om diffuse, fortrengde minne.
Det ikkje-fortalde
Såleis er hovudtemaet i Så nær det synlige krever det som blir rekna til poesiens særeigne uttrykksmodus, det useielege, det stumme punktet, det ikkje-fortalde. Dette kjem att i stadige reformuleringar i samlinga.
I det første diktet, «Det er du som skal si», verkar det som Heivoll personifiserer dette som unndreg seg, som også kan vere ein person det lyriske eget har kjær og er avhengig av. I 21 strofer vender forfattaren seg til dette i form av eit du: «Du sier du aldri/ går fra meg, du sier du aldri/ kommer nær, bare så nær/ det synlige krever.»
Heivoll knyter det som unndreg seg, til ein eksistensiell dimensjon, som rettar seg mot framtida, men også mot fortida og minna. Den konkrete situasjonen i fleire av dikta i samlinga er eit skog- og barndomslandskap, ei kyrkje og eit hus omkransa av grantre. Og desse grantrea blir også trekte inn i det poetiske og språklege feltet: «slik jeg forlot dem står de/ stumme utposter grensende/ til språket svarte fakler/ ennå lysende over papiret».
Lyrisk variert
Samstundes som ein tydeleg tematisk tråd strekkjer seg gjennom diktboka, skriv Heivoll lyrisk variert, han kan nytte det større formatet, der strofer følgjer på strofer, slyngande, ordhage, biletrike, så kan han andre stader knappe inn, skrive stringent, med ein lyrisk minimalisme som får det konkrete til å dirre.
Andre stader, som i diktet «En dag for lange skygger», står den bøneliknande gjentakinga i søkjelyset. Kanskje det minst konsentrerte diktet i samlinga, eit aggregat av setningar berre haldne saman av gjentakingsmonomani, og likevel er kanskje også det det einaste diktet i samlinga som set oss i kontakt med ei større samtidsverd, som stig utanfor krinsen av graner som kransar seg om oss.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.