Språk som lyser
Trass i den drøymande rastløysa som pregar dikta, held dei også fast i noko.
Khaleda Froagh er ein av dei fremste poetane i Afghanistan, med 16 utgjevingar attom seg.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Dikt
Khaleda Froagh:
Måne på flukt fra natta
Til norsk ved Inger Elisabeth Hansen, Mohammad M. Izadi og Khaleda Froagh
Aschehoug
Khaleda Froagh har gjeve ut 16 diktbøker på persisk, er doktor i persisk litteratur og blir rekna som ein av dei fremste poetane i Afghanistan. Då Taliban tok makta i 2021, måtte ho flykte frå landet. Froagh er no busett i Oslo og kjem i haust med diktboka Måne på flukt fra natta. Diktboka er tospråkleg, vekselvis med dikt på persisk og norsk på boksidene. Froagh har sjølv vore med på å omsetje dikta til norsk.
Eit knippe tema, som heng saman, strøymer gjennom dikta: fortviling, einsemd, flukt, heimløyse, framandgjering, eksil, lengt, sorg, krig og undertrykking, mellom anna av kvinner. Men Froagh er først og fremst poet, oppteken av språkleg form. Det er ikkje slik at tematikkane er tvinga på dikta, dei gror så å seie naturleg fram av det diktariske stoffet – eit stoff som er sett saman av alt frå støv, bier, månen, hender, auge, kjolar, sko, vegar og elver og øydelegging, og som inkorporerer tradisjonen frå den persiske 1300-talspoeten Hafez, og frå Jalal al-Din Rumi, som dikta på 1200-talet. Rumi blei forresten fødd i Balkh i dagens Afghanistan.
Ja, strøymande er rørsla i dikta, slik elva og i tillegg månens strøymande avglans er sentrale gjennomgangsmotiv og viktige prinsipp i boka. Elva, vatnet og regnet er noko dikta strekkjer seg etter, det representerer noko som er mogleg av poetiske og eksistensielle dimensjonar: «Hvis jeg vender tilbake til røttene mine, er det regnet, bare regnet/ som holder meg i live». Men lengten og alt dikta strekkjer seg etter, blir halde att og avgrensa av fortida, det som har skjedd med landet: «Et mørkistan ble dette landet/ men jeg kalles Froagh, på mitt språk lys». Og i eit anna dikt: «Landet mitt er en vannløs elv full av døde fisker».
Strøymande, men likevel med retningar, ofte underlege, søkjande og ubestemte, nesten viljelause fordi dei er underlagde og bestemte av andre menneske eller omgjevnadene. I starten av boka finst eit fotografi av eit barn som peikar rett på tilskodaren – eller kanskje peikar fingeren mot framtida. På neste side finn ein eit dikt som heiter «Denne veien», og som i alle fall grip denne meldaren med undring og begeistring: «Hva vil denne veien med skoene mine, nå igjen/ Skoene mine må gå inntil aldri/ Hva vil denne kjolen med kroppen min/ Hvor lenge skal den henge på, hvor lenge, inntil aldri».
Kanskje er det noko merkeleg akutt samtidig og samstundes tidlaust med desse linene. Nett pendlinga mellom historia, himmelkvelvingen og det som overskrid den enkelte og det vesle, sårbare og nesten løynde, anten det er «smuget» eller bia, er til stades som ein puls gjennom dikta.
Trass i den drøymande rastløysa som pregar diktsekvensane, held dei også fast i noko, i rørlege, gjennomskinlege og overraskande bilete. Dessutan held dikta fast i håpet. Dei er vende mot framtida som dikta omtalar som eit «du». Det er framtida som kan redde det lyriske eget.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.