Spenstig satire
Ida Gilbert filleristar små menneske som pyntar seg med store ord.
Ida Gilbert debuterte med ein boksingel i 2020. No debuterer ho som romanforfattar.
Foto: Heidi Furre
Roman
Ida Gilbert:
Tute med de ulver som er ute
Flamme Forlag
Ulven har alltid hatt ein plass i litteraturen, for det meste som noko truande og farleg for folk og fe, ei mytisk og demonisk urkraft i naturen, men også skildra som eit vakkert og staseleg dyr, beskytta innanfor såkalla ulvesoner; utanfor ulvesonene står bønder i kø for å skyte dei. Samtidig skaper ulven sterke motsetningar mellom bygd og by, og det er i denne betente konflikten at romandebutanten Ida Gilbert bidrar med ein frigjerande humor som er likeleg fordelt mellom naturvern og bondenæring, ispedd ein god porsjon sjølvironi.
Kos og kake
Forteljaren Aslaug Fossen jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i den ideelle organisasjonen Framtid med Visjon, men etter kvart har mål og meining med jobben bukka under for ei lammande kjensle av at kos og kake overstyrer all fornuft.
Det toppar seg når Karen-Britt kjem inn som seniorrådgjevar, ein geskjeftig og dominerande tante Sofie-type, politisk korrekt og ein floskeltyrann, leverandør av pompøs svada: «Vi må tenke på synergieffekten her. Da er det viktig å spille på lag, gjøre vårt beste for å spille hverandre gode. (…) Det er viktig å være på ballen til enhver tid.»
Til slutt får Aslaug nok, ho seier opp jobben og får stilling som journalist i ei lita vekeavis i den avsides innlandsbygda Kilen. Her får ho skrive om alt som er smått og kvardagsleg, men halde seg unna større saker som ulv, naturvern og artsmangfald.
Konfliktar
Ho glir så godt inn i lokalmiljøet at ho fort blir part i dei konfliktane som rir bygdesamfunnet, og brått er ho innhenta av flosklane ho rømde frå gjennom den påtrengande og sjølvsentrerte hagebloggaren og influensaren Eva Oddland, innflyttar og gift med plan- og miljøsjefen i kommunen.
Frå kvar sin kant jobbar ekteparet for å urbanisere bygda med kjøpesenter, rundkøyring og fleire influensarar rundt omkring på nedlagde småbruk: «Hun ville ha revolusjon av likesinnede i kommunale etater, interiør- og blomsterbutikker. Med seg selv som grunnlegger og leder av en urban-rural bevegelse av godkjente vennepar – for unge familier hun kunne være mentor for. Bygdefolket selv skulle samles som kuriositeter i fotnotene.»
Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk. Når det gjeld ulven, så kjem også han inn frå sidelina, og Aslaug endar ufrivillig opp som den store helten i bygda. Men det får lesaren sjølv finne ut av.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.