Teater
Spenning og begjær eller traust samliv?
Hanne Skille Reitans suverene spel lyftar ein litt ujamn tekst til dei store høgder.
Bernhard Arnø, Hanne Skille Reitan, Hermann Sabado og Mariann Hole spelar dei to para.
Foto Lars Opstad
Svært produktive Monica Isakstuen har i fleire stykke synt ei særeiga evne til å gå djupt inn i tilsynelatande kvardagslege, men likevel ofte eksistensielle tema. Som i sitt nyaste stykke, der samliv og eksistens blir sett under lupa. Tematikken er klassisk. Spørsmålet er kva forfattaren gjer ut av det.
Vi møter to par på eit hotell. Dei er i ulike stadium av ekteskapet/samlivet. Kanskje er det same paret i to ulike fasar av livet, det er det uråd å seie sikkert. Etter ei litt tam opning, der kvinna i par 1 (Mariann Hole) nesten demonstrativt fortel kor godt samlivet med mannen (Bernhard Arnø) er, konfronterer kvinna i par 2 (Hanne Skille Reitan) mannen sin (Hermann Sabado) med det motsette: Har eg valt feil? Ville livet blitt betre med ein annan?
Gjennom samtalar og konfrontasjonar i ulike konstellasjonar blir samliv, eksistens og livsval utforska. Lenge er kvinnene førande og talande – men om lag midtvegs kjem eit brått omslag. Med eit spørsmål om ho trur ho er den einaste som lurer på om ho har valt rett, snur mannen i par 2 brått problematikken på hovudet. Og det ligg som ei spenning gjennom resten av framsyninga. Eit samliv som verka nytt og spennande, har utvikla seg til traust rutine. Kven kjenner seg ikkje att i det? Då er det kanskje ikkje nok å seie «eg elskar deg» tre gonger om dagen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.