Film
Spelespelefilmfilm
Tenk om Wes Anderson hadde fått nokon til å skriva eit skikkeleg godt manus for seg!
Forretningsmannen Zsa-Zsa Korda (Benicio del Toro) har overlevt endå eit attentat og vil involvere dottera Liesl (Mia Threapleton) i forretningane, men ho ynskjer å bli nonne.
Foto: TPS Productions / Focus / United International Pictures
Forretningsmann og krøsus Zsa-Zsa Korda (del Toro) overlever nok eit flykrasj og innkallar dottera Liesl (Threapleton) for å visa ho livsprosjektet sitt og gjera ho til einearving i fall han verkeleg stryk med.
Nonneplanane hennar blir sette på vent for å følgja opp den fønikiske planen. Læraren til dei ni småbrørne hennar, norske Bjørn Lund (Cera), blir utnemnd til sekretær, og no startar runddansen for å få på plass det finansielle.
Fan ta
Eg elskar at informasjon om nykelroller i filmproduksjonen kjem heilt i starten av filmen, slik som i gamle dagar. Av og til får eg kjensla av at filmskaparane ikkje vil at me skal tenka me ser ein fiksjonsfilm, og at viss skodespelarar og dei bak kamera ikkje blir nemnde, så gløymer me det.
Regissør Wes Anderson har ingen som helst intensjonar om å lata som det ikkje er spelefilm han lagar, med trykk på både spel og film. Få i dag jobbar hardare med det filmatiske enn han, og få med større suksess i dette mellomformatet, om enn ikkje kommersielt, men samtidig ikkje smalt nok til at kinoane kan oversjå han.
Heldigvis – for fangruppa fortener å sjå The Phoenician Scheme i stort format. Fargar, objekt og stilistiske replikkar poppar ut av lerretet akkurat som i alle filmar av han eg har sett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.