Spelekvinne på taket

Det er ikkje ofte ein får heilstøypte, lettfattelege seriar serverte på jiddisk.

Miniserien er basert på sjølvbiografien til Deborah Feldman frå 2012.
Miniserien er basert på sjølvbiografien til Deborah Feldman frå 2012.
Publisert

I Brooklyn i New York vil unge Esty (Haas) ut av det ultraortodokse jødiske miljøet ho er oppvaksen i. At ho har gifta seg, gjer det ikkje lettare, og når ho stikk av til Berlin, reiser ektemannen Yakov (Rahav) og den tilbakevende utbrytaren Moishe (Wilbusch) etter for å henta henne tilbake.

Oy vey

Eg har i årevis hatt stor interesse for jiddisk, dette konglomeratet av eit språk som husar så mykje kultur og historie, og som har nokre aldeles strålande uttrykk som er meir kjente enn du trur. Særleg amerikansk nyttar mange, slik som schmuck (tosk), klutz (klumsete person) og chutzpah (pågangsmot). Så for meg var det eigentleg det språklege aspektet som lokka fyrst med Unorthodox: ein Netflix-serie der alle snakkar jiddisk! Du må jo vera meshuggeneh for ikkje å digga det!

På den andre sida, det at ei gruppe menneske tviheld på gamle kjønnsrollemønster og utdaterte ritual, tek vekk litt av sjarmen som ligg i språklege krumspring. Dei hasidiske jødane i Williamsburg i Brooklyn lever i eit samfunn der kvinna er totalt underkasta mannen, der eigne jødiske lover overstyrer landets lover, der utdanning stort sett består i å studera toraen – alt det er greitt, om ein gjer det av fri vilje. Men slik er det sjølvsagt ikkje.

Utbrytarane

Det lukka miljøet har dei siste åra måtta tola innblikk, på linje med andre liknande religiøse samfunn. Dokumentaren One of Us (2017) viser at det å bryta ut ikkje medfører noko glamorøst liv der fridomen fører til at draumane blir sanne: Rus og psykisk sjukdom kan oftare vera resultatet av sjokket ved brått å stå på eigne bein, utan utdanning og anna verdsleg danning, ikkje pengar, ikkje familie, ikkje nettverk. I Estys tilfelle, slik me ser i Unorthodox, verkar det som ho følgjer draumane om å verta pianist med større suksess enn det som kanskje er realistisk. Men så er også serien meint som ein underhaldningsserie like mykje som ein opplysningsfilm om jødiske klikkar, så ein må svelgja nokre dosar draumeri og noko klisjéaktig mangfald når ho kjem til Berlin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement