Film

Spegel, spegel på veggen der

Ingen skal kjenna seg trygg for satiren til Ruben Östlund i denne fabelaktig overleste og lattervekkjande filmen.

Den amerikanske journalisten (Elisabeth Moss) stiller kritiske spørsmål til museumsleiaren (Claes Bang).
Den amerikanske journalisten (Elisabeth Moss) stiller kritiske spørsmål til museumsleiaren (Claes Bang).
Publisert

I ei rekkje av sannsynlege og usannsynlege scenario følgjer me den kunstnariske leiaren på eit av dei største musea i Stockholm, Christian (Bang). Ein uvanleg start på dagen er også starten på eit samansurium av framtidig absurde hendingar som til slutt stiller han til veggs med eigen innsats både som leiar, som far og som menneske.

Sjølv ein ape

I opningsscena sit den smart kledde Christian med raud brilleinnfatning og tørkle i halsen – ein prototype på kunstmannen, vil mange seia. Han vert intervjua av den amerikanske journalisten Anne (Moss) som spør kva som er meint med teksten i programmet. Her kjem kjende, men – i alle fall for meg – kjære innvendingar til det som kan kallast kunstnarisk kansellispråk, og Christian strevar med å forklara kva som ligg bak den kaudervelske opphopinga av «konseptualitet» og «dikotomi» og andre vendingar. Det blir klart at regissør Ruben Östlund er ute på klisjékrigsstien – til gagns. Og det kan vera ein interessant sti å gje seg inn på, både for han og for sjåaren. For kven gjer han til slutt narr av?

Nyfiken

Folk går hastig forbi tiggarar, hastig forbi salspersonen som spør «Vil du vera med og berga eit liv?». Me har ikkje tid til det. Det er klart det vert overtydeleg, men han held seg på den humoristiske sida av refs, slik at vrengebiletet ikkje kjennest for nedtrykkande. Måten han fangar samtida på, minner meg om den svenske klassikaren Jag är nyfiken – gul (1967) som vekte både irritasjon og begeistring – og ikkje minst latter – då han kom ut. Ingen får sitja på nokon høg hest og kjenna seg trygg for satiren. Er det eigentleg eg sjølv som vert sparka utan at eg legg merke til det? Eg er med andre ord heller ikkje heva over kritikken, sjølv om det er freistande å tenkja «dei» i staden for «meg». Og på same måte som regissør Östlund dreg fram det ibuande svake i menneska i Turist (2014), er dette også ein klar, raud tråd i The Square.

Spegelen

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement