Film
Sovemedisin
Pen, stilriktig og kjedeleg versjon av Christie-klassikaren.
Kenneth Branagh spelar Agatha Christies meisterdetektiv Hercule Poirot.
Foto: Nicola Dove / Twentieth Century Fox
Meisterdetektiv Hercule Poirot (Branagh) går om bord i toget i Istanbul saman med ei rekkje prominente passasjerar, inkludert den forbrytaraktige Ratchett (Depp), som alt fyrste natta vert teken av dage. Men av kven? Det verkar nesten ikkje naudsynt å koma med noka oppsummering, då boka har vorte lesen, høyrt og sett av ufatteleg mange sidan krimromanen Mord på Orientekspressen kom ut i 1934. Men godaste Agatha Christies ofte finurlege plott har framleis evna til å fenga både lesar, lyttar og sjåar. Det skal nesten godt gjerast å ikkje lukkast i å laga noko bra ut av det. Særleg når det britiske teaterets eiga filmstjerne, Kenneth Branagh, er på saka. Så feil kan ein ta.
Gamalskapande
Dei siste tjue åra har me vorte vane med å sjå David Suchet i rolla som den belgiske detektiven med den vesle, snertne barten. Ein ting skal Branagh ha: Han har teke tilbake barten, slik Christie skildra han i bøkene sine, stor og fyldig. Utover dette er Poirot som me kjenner han, kanskje med ekstra blå auge.
Branagh har alt opptredd i ein annan 70 mm-suksess i år, som kaptein i Nolans slåande Dunkirk. For denne biletkvaliteten har han sjølv gått for ekte film framfor digital, noko som kan merkast. Det er elegant til fingertuppane. Tenk om han hadde brukt like mange ressursar på manus og klipp? Sjølv utan for mykje dilldall, maktar Mord på Orientekspressen å vera langdryg. Den nye standardlengda på spelefilmar (rundt to timar) hjelper heller ikkje på, sjølvsagt.
Zzz
Mangelen på originalitet er kanskje det mest iaugefallande med filmen. Greitt at ein brukar store delar av budsjettet på store stjerner, men for min del blir det vakre art deco-perler for svin. Utanom Poirot, som er sedvanleg overdrive skildra, får ingen av dei vanlegvis karismatiske skodespelarane rom til å utvikla karakterane sine vidare, anna enn som utklippsdokker med fine klede.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.