Film

¿ Sønderkunst

Det gjer utruleg vondt å sjå ein av dei beste filmane i år.

Benni vert spela av Helena Zengel.
Benni vert spela av Helena Zengel.
Publisert

Drama

Niårige Benni (Zengel) er ei utagerande jente med store aggresjonsproblem. Ho er inn og ut av ulike institusjonar og instansar innanfor det tyske barnevernet. Lite hjelper, men ein dag får den nye skulekontakten Micha (Schuch) henne på nye tankar. Kan han knekka koden som får henne ut av den vonde sirkelen?

Tankevondt

Eg har sjeldan tenkt så mykje på ein filmtittel i etterkant som Systemsprengeren. Han sa meg ingenting før eg gjekk inn i salen, og etterpå kjenner eg tårene stiga berre eg ser eller høyrer orda. Mitt einaste møte med «systemet» var som assistent på ein barneskule for mange år sidan, eg var ikkje særskilt eigna for jobben, for du skal nesten vera overmenneske for å takla den veggen av motstand eit forbanna barn kan oppdriva. Vesle lyslugga Benni kan terga på seg ei steinrøys. Det utfordrande blåe blikket gjev deg lyst å rista henne, for så i neste augeblikk klemma henne så hardt at all sinna energi forsvinn. Finst det noko meir sårbart enn eit barn som ikkje forstår sitt eige beste? Grenseløysa hennar gjer meg grenselaust trist.

Mangslags leik

Viss ein vel å bruka ordet heilstøypt om ein film, skal det meste stemma: musikk, foto, skodespelarar, manus, klipp, scenografi. Systemsprengeren er heilheilstøypt – hatten så inderleg av for regissør og manusforfattar Nora Fingscheidt! Den geniale, rett-på-introen minner meg om ein annan tysk klassikar, Løp, Lola, løp (1998), noko som eg tippar er gjort heidundrande med vilje. Handverket bak er så gjennomtenkt, kva som er skodespel og kva som er ekte kjensler, det torer eg nesten ikkje spekulera i. Bennis intense behov for kjærleik og tryggleik kjem til uttrykk på eit så truverdig vis at ein må lura på om barnevernet faktisk er involvert. Og barnevernet med sine mange tilknytte instansar spelar ei stor og viktig rolle. Litt på same måte som lærarmøta i norske Barn, som kom før i år, får me eit innblikk i korleis kvardagen fortonar seg for sosionomane og dei andre som jobbar på institusjonane. Det vekkjer både antipati og djup, djup sympati.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement