Film

Somme filmar er betre enn andre

Filmåret 2021 vart prega av utsette premierar, så nokre av filmane på topplista er ikkje så heilt nye. Elles er filmmeldarane bra samkøyrde og kan konstatera at det har vore eit formidabelt norsk filmår.

Begge Dag og Tid-filmmeldarane dreg fram årets film av Chloé Zhao som ein favoritt i 2021.
Begge Dag og Tid-filmmeldarane dreg fram årets film av Chloé Zhao som ein favoritt i 2021.
Publisert

Årsbeste frå Brit

Etter å ha saumfart premierelistene sit eg att med ei kjensle av at eg ikkje synest filmåret 2021 var så bra, trass i desse verkeleg gode filmane som har fått pallplass. At såpass mange har norske regissørar, inneber kryss i taket og stormande jubel.

Frå 2020

Få filmar har gjort meg meir oppløfta og samtidig vemodig i kinoåret som gjekk, enn Nomadland. Filmen fekk velfortent tre Oscar-statuettar, mellom anna ein til regissør Chloé Zhao og ein for beste film. Eg har elles ikkje nokon tanke om at Oscar er synonymt med beste film, berre så det er sagt. Elles ville innlysande Gunda (regi: Viktor Kosakovskiy) hanka inn minst éin nominasjon for denne nydelege observasjonen av dyr på sjølvstyr heime på (den frittgåande) garden. Det same gjeld uforgløymelege Det finnes ingen djevel (regi: Mohammad Rasoulof), ein iransk bukett av knyttnevar. Japan nominerte sjølv Mødre (regi: Naomi Kawase) til Oscaren, men nådde ikkje opp. Det spørst om det er ei trøyst å hamna på lista her i staden, men den finurlege, tankevekkjande filmen om adopsjon burde fleire fått med seg.

Menschen

Sidan me snakkar om Oscar: Det blir opptil fleire hattar til middag her om ikkje Flukt (regi: Jonas Poher Rasmussen) minst vert nominert til årets animasjonsfilm i år. Dette er verkeleg ein snedig, vakker og tankevekkjande film, meir som ein illustrert podkast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement