Bok
Som ein bil på tomgang
Ja, Bjørn Lomborg har mykje rett, men no har han skrive det same i 20 år.
Bjørn Lomborg er ein fyr eg har ein viss sympati for, sikkert av di eg møtte han og intervjua han for 17 år sidan, då han etter ein lang prosess endeleg hadde vorte frikjend for skuldingar om ureieleg forsking. Det heile hadde vore ein hekseprosess. Men no kjenner eg på meg at eg har byrja å verta litt lei, ikkje av di Lomborg tek feil, ikkje av di det han har å seia, ikkje er viktig, men av di han gjentek seg sjølv og er overflatisk.
Bodskapen hans er enkel: ja, det at vi går gjennom menneskeskapte klimaendringar, men nei, dei er ikkje særleg farlege, OK, kanskje litt. Men fyrst og fremst bør vi slutta å skremma borna våre, for dei kjem til å verta mykje rikare enn vi og vil ha råd til å førebyggja mot dei eventuelle skadelege endringane som auka temperaturar fører med seg. Og når vi fyrst skal bruka pengar på klima, er det å hjelpa folk i orkanutsette område med å verta rikare og kunne førebyggja eventuelle klimaskadar, mykje meir effektivt enn å kutta CO2-utsleppa i Vesten. I 2013 vart, som vi hugsar, tyfonen Haiyan som råka den filippinske byen Tacloban, utpeikt som endå eit døme på menneskeskapte klimaendringar. Tyfonen drap 1 prosent av folkesetnaden. Då ein like sterk tyfon råka byen i 1912, vart halvparten av innbyggarane drepne. Skilnaden var at menneska no hadde råd til å verna seg. Di betre råd, di betre vern.
På line med FN
Sett på spissen er i grunnen Lomborg på line med FNs klimapanel, som seier dette: «For dei fleste økonomiske sektorar vil påverknadene frå klimaforandring vera relativt små samanlikna med andre påverknader (…), slike som endringar i demografi, levealder, inntekt, teknologi, relative prisar, livsstil, reguleringar, styring og mange andre aspekt av den sosioøkonomisk utviklinga.»
Men ungdomen veit ikkje at FNs klimapanel seier dette, og det er det Lomborg prøver å få oss til å forstå. Han vil ha oss til å fortelja borna våre at det kjem til å gå bra. Eit bilete av ei unge jente som står med ein plakat, summerer opp kor gale Lomborg meiner situasjonen er vorten: «Du vil døy av alderdom. Eg vil døy av klimaendringar.» Nei, unge jenter flest les neppe dei ulike rapportane til FNs klimapanel. Men ein del les nok The New York Times. For ikkje lenge sidan slo dei stort opp at ny forsking synte at i 2050 ville 150 millionar menneske verta råka av høgre vasstand, og at store byar kunne verta utsletta. Dei illustrerte det heile med eit kart der store delar av Sør-Vietnam var utsletta. Men alt i dag ligg store delar av Sør-Vietnam under havoverflata. Dei har bygd dike, på lik line med mange av dei andre 110 millionar menneska som i dag lever under havoverflata.
Inga drøfting
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.