Bok

Soga om det idylliske landet

Kva er «det norske», og korleis ter vi oss mot utanverda? Det er noko av det Finn Olstad tek opp i den nye noregssoga si.

Publisert

Kva er det med dette merkelege landet? Denne langstrekte kyststaten der folk hiv seg frampå med flagg og bunad på skjer og brygger, som då NRK-programmet Hurtigruten – minutt for minutt vart sendt for nokre år sidan.

Noreg, denne «murrande idyllen», kombinasjonen av «friluftsmuseum og kvitglødande høgteknologi», dette fjell- og fjordlandskapet like under Nordpolen-isen som vert «halde i live ved intravenøse drypp frå oljeindustrien», som Hans Magnus Enzensberger såg oss i Norsk utakt frå 1987.

No har Finn Olstad freista gje eit svar. Inspirert av Tony Judts Postwar (2005) har han skrive to band noregssoge for ein ny generasjon. Det er jo ein klisjé at kvar generasjon må skriva si eiga noregssoge. Men Olstad har eit poeng. Og vi veit jo at historie ofte er gissing om fortida og for viktig til å overlata til historikarane. Difor må nye perspektiv heile tida verta utprøvde – og debatterte offentleg.

Versjonen til Olstad er skoren over leisten klassisk sosialpolitisk historie. Aksen i framstillinga er klasseperspektivet. Det er greitt nok, men det får mange fylgjer. Eit døme:

Utval og blindflekkar

Olstad er nokså døv for den breie kulturreisinga som til dømes målrørsla stod for, og korleis nynorsken er uttrykk for djupe kulturskilje i landet vårt. Vi ser lite til Stein Rokkans nøye uttenkte skiljelineanalyse der norsk politikk vert sett på som motstand mot sentral autoritet, og der klasse legg seg oppå eller vert kombinert med utkant/sentrum-spenningar og religion. (Dei klassiske døma er Nord-Noreg og Sørvestlandet.)

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement