JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Små- og storgodt for fot og øyre

Alison Goldfrapps solodebutalbum er ein luftig godtepose fylt med øyre- og dansefotsnop.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1853
20230519
1853
20230519

Pop

Alison Goldfrapp:

The Love Invention

Skint

Den britiske songaren Alison Goldfrapp er kjend frå synthpopduoen Goldfrapp, som har halde på sidan tusenårsskiftet, og som samarbeidde med norske Röyksopp så seint som i fjor. The Love Invention er den 57 år unge artistens første album som soloartist, og her er det durkdriven dancepop som står på menyen.

Alison Goldfrapps stemme er ljos og fyldig med eit usedvanlig breitt register. Her kombinerer ho spennvidda si på over tre oktavar med elektronisk prosessering, og hennar korsong med seg sjølv er luftige saker prega av ein krystallklar og kontrollert, nærast tverrfløyteaktig intonasjon.

Rett som det er, vert grensa mellom pust og perkusjon viska (eller kviskra) ut: Innpust og utpust sklir over i silkemjuke skarptrommepiskeslag og tørre, musserande hi-hat-kastekyss; låta «Digging Deeper Now» vert driven av eit suggererande sugemotiv.

Friske, flytande melodiar vert understreka av overraskande grunntoneskift, medan boblande synthostinato, rivande basslydar og store, kompakte basstrommer sprett av garde over lag på lag av svevande teksturar.

Det skal godt gjerast å ikkje late seg rive med i spretten: Albumet er ein elektronisk popgodtepose fylt med øyresnop som gir assosiasjonar til 80- og 90-tals housepop og dance, disco, Kate Bush, new wave, Donna Summers’ «I Feel Love», Madonna og moderne hyperpop.

I songen «The Beat Divine» snik likegodt eit islett James Bond-aktig dramatikk seg inn i miksen.

The Love Invention er eit heilstøypt dancepopalbum fullt av livsglede, melankoli og eufori i skjønn harmoni som taktfast får dansefoten og smilebanda til å rykke og nappe om kapp.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis