Film
Skuffande tørre tårekanalar
Yomeddine er meir overflatisk enn rørande.
Beshay (t.h.) som er kurert, har aldri forlate leprakolonien i den egyptiske ørkenen. Då kona døyr, dreg han på leiting etter røtene sine og møter Obama, ein fattig nubiar.
Foto: Dina Emam
Om du har vakse opp i ein spedalskkoloni på den egyptiske landsbygda, slik som Beshay (Gamal) har, er ikkje oddsa på di side om du vil opp og fram i verda. Men Beshay har ikkje større mål enn å finna att familien som etterlét han der som liten leprainfisert gutunge. På den strabasiøse ferda får han ein blindpassasjer med.
Enkel humor
Det er som ein må lura på om filmen vart til på grunn av hovudrolleinnehavaren eller om dei berre var ufatteleg heldige då dei skulle setja rollane. Det er ikkje berre den fysiske framtoninga til Beshay, han verkar så heime i omgivnadene, som er så genuin. Det same gjeld alle statistane, som gjer at det verkar nesten dokumentarisk til tider. Eg skjønar ikkje språket, noko som alltid gjer det vanskeleg å seia om manus vert framført truverdig. Nokre gongar verkar det overspelt, eller i beste fall noko overdrive regissert. Det gjeld særleg i scener der folk i forbifarten gjer narr av Beshay, som så set opp latterdøra som om det var ein komedie frå femtiåra. Og Yomeddine har faktisk mykje humor i seg, men sånn type snill humor som gjev meg ein liten ettersmak av overberande nedlatenskap. Eller for å leggja godviljen til: som om det er ein slags alvorleg barnefilm.
Trykkfeil
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.