Bok

Skrivebom

Her stod det mykje, men eg veit ikkje heilt kva.

Cathrine Knudsen har skrive fleire romanar og fekk i 2017 Stig Sæterbakkens minnepris for ein forfattarskap med «overbevisende kvaliteter, originalitet og mot til å skape sine egne prosjekter».
Cathrine Knudsen har skrive fleire romanar og fekk i 2017 Stig Sæterbakkens minnepris for ein forfattarskap med «overbevisende kvaliteter, originalitet og mot til å skape sine egne prosjekter».
Publisert Sist oppdatert

Cathrine Knudsen har tidlegare gitt ut sju romanar. Årets utgiving, Kvinner jeg ikke har kjent, er ei novellesamling, og eg klør meg i hovudet over sjangernemninga. Dei ti novellene tar for seg likt og ulikt, og då meiner eg heilt konkret noko som er likt, og noko som er ulikt.

Det er stor forskjell på tekstar om å dra med Aeroflot på ei bokstaveleg tala fengslande reise, om ein førstereisprostituert, om ein nedlagd minkfarm, om å vere ein profesjonell vakar over døyande menneske eller om ein The Cure-konsert i Drammenshallen ein ikkje har gått på. Samstundes har fleire av novellene drammensområdet som fellesnemnar. Å vende tilbake til heimtraktene går også igjen. Å kjenne seg utsett, eller forfølgd av nokon eller noko, går igjen. Personar vi møter i ei novelle, kan gjenoppstå i ei anna. Slik sett kan samlinga seiast å vere komponert som variasjonar over tema.

Kva er noveller?

Det eg stussar på, er nemninga «noveller». Dei framstår meir som utsnitt av tilvære, situasjonar, filma frå eit vilkårleg tidspunkt til eit anna. Som om nokon skulle traske inn i livet mitt ein torsdag, trykke på play og rec. og så skru av kameraet fordi batteriet var tomt.

Noveller treng ikkje vere skrudde saman som vi lærte på skulen: med hovud, kropp og hale («fisken»). Men dei bør ha ein indre logikk, eit ibuande spenn, som oppbygd og avslutta tekst. Knudsens tekstar har verken hovud eller hale, dei er mest fiskar som sym litt hit og dit. Her er assosiasjonar og tankesprang, tilbakeblikk og innblikk – men når ein situasjon først er lausleg etablert, skal det litt til å akseptere sprang, for sprang frå kva, nøyaktig?

springfart i spranga

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement