Bok
Skrått og skakt
Stian Johansen skriv slentrande og rufsete dikt om ein oppløyst kjernefamilie.
Stian Johansen har gitt ut bøker i ulike sjangrar sidan 2014.
Foto: Kai Hansen
Lakonisk, rufsete og slentrande. Eg veit ikkje om det er ei treffande oppsummering av den poetiske habitusen ein møter i diktboka Et ålreit hjem å flytte fra. Uansett, det er som om alt går til helvete, men likevel går det bra. «Vi er her, trass alt», som det heiter i eitt av dikta.
Forfattaren, Stian Johansen, debuterte med dikt- og prosaboka Jeff Tweedy, liksom i 2014. Sidan har han skrive ein roman, noveller, songar og ei sakprosabok.
Store kontrastar
I diktuniverset til Et ålreit hjem å flytte fra er rørslene og kontrastane store. Det aller største, kosmos, og dei aller minste bestanddelane vert teikna rundt ein kjernefamilie som har eksplodert og gått i oppløysing. Over atom og under Andromedatåka kviler brødsmulane og kvardagen med ungar og delt bustad. I krateret til den havarerte familien grev dikta.
Her finst dikt som skodar attende, og dikt som ser framover med ei viss gru. I somme av dikta talar ungane med lengt om at foreldra skal finne saman att. Og dikt som peikar på at heime ikkje berre er eit hus, og at ein ikkje treng å «dra/ et hjem gjennom livet».
Katastrofen er som regel alltid innan rekkevidde, anten det er sola som sloknar, økologisk krise eller koronaepidemi som herjar. Og når ungane sin føretrekte leik er familievernkontor og «alle er inne og leker undergang/ kanskje det er nå det snur», så rykkjer det litt i ein, men det er ikkje heilt håplaust. For dikta har ei eiga teft for å finne opningar og venleik: «øya dine er vakre, viktige/ sjøl i et likegyldig univers».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.