JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Skal vi slutta å lesa Hamsun?

Ein litteraturprofessor meiner det, etter sjølv å ha lese han slik ein viss mann les Bibelen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur i 1920.

Foto: NTB

7808
20210430
7808
20210430

Sakprosa

Ståle Dingstad:

Knut Hamsun og det norske holocaust

Dreyers Forlag

I Noreg er vi gjerne på etterskot når det gjeld internasjonale trendar. Men no er det kome ei bok som er prov på det motsette. Ho er så stor at ho må ha vore planlagd før den såkalla woke-rørsla vart kjend i Noreg. I USA og i Storbritannia har vi alt sett at statuar av folk som var rasistar og slavehandlarar, har vorte tilgrisa og øydelagde, i von om å reinska historia for vondskapen deira.

No er det Knut Hamsuns tur. Han har fått ein statue i Vågå og bystar i Grimstad, på Sortland, på Kjerringøy og ikkje minst på Hamarøy i samband med Hamsunsenteret der.

Litteraturprofessor Ståle Dingstad, som no flyttar woke-søkjelyset til Hamsun, høyrer heime i eit fag styrt av skiftande motar: Francis Bull skilde ikkje mellom diktarbiografien og diktverket, medan nykritikken, og seinare strukturalismen, meinte diktverket var ein sjølvstendig ting, styrt av litteraturestetiske lover og ikkje den private og trivielle psykologien og moralen til diktaren.

For desse siste er det difor eit tydeleg skilje mellom på den eine sida Hamsun som politisk artikkelforfattar, der han uttrykkjer reaksjonære og nazistiske meiningar og oppmodar til landssvik, og på den andre sida diktverka. Det var dette skiljet som gjorde at kommunistar som Nordahl Grieg og Molotov (som i 1944 bad Trygve Lie om at Hamsun måtte få vera i fred) og ein nobelprisvinnande jøde som Isaac Singer («Hamsun er den moderne, skjønnlitterære prosalitteraturs far») kunne verta begeistra. For dei var det sentrale i verka det litterært forteljande språket som medrivande leier lesarane inn i eit vidt register av kjensler og lèt dei sjå «røyndom gjennom eit temperament», ikkje gjennom ein ideologi.

Antisemittisme

At Hamsun som person var antisemitt, om enn knapt gjennomtenkt som eintydig ideologi, er ikkje kontroversielt. Og ja, vi finn jøde- og samediskriminerande utsegner i diktverka. Men ikkje som del av hovudtemaet, og desse utsegnene vert ofte uttrykte av dei litterære karakterane, eller dei er ei spegling av fordommar som var vanlege i dei miljøa bøkene skildrar.

Sveitsarar og engelskmenn vert òg usympatisk skildra, som representantar for kapitalisme generelt, på line med jødane. Før 1960 var det diverre nokså mange nordlendingar som brukte tilsvarande uttrykk som ein finn i Markens Grøde om samar, eller lappar, som dei framleis sa.

Dingstads bok har fem delar. Første del viser fortenestfullt kor utbreidde antisemittiske utsegner var i norsk kulturliv før andre verdskrig: Ludvig Holberg (Epistel 485): «Blandt alle Nationer paa Jorden, hvor nogen Historie haves, findes ingen større Løgnere end Jøder.» A.O. Vinje (i brev til Jaabek mot oppheving av jødeparagrafen): «Det er en notorisk Kjendsgjerning, at Jøderne lidet befatte sig med virkelig nyttigt Arbeide, derimod ere de durchdrevne i Diskontering, Taskenspillerkunst og Quak­salverie og Gjørtlerarbeide.» Amalie Skram (i brev til mannen sin): «Jeg hader de jødetamper, kva race; det er en modbydelig slægt.» Arne Garborg (publisert dagbok): «Eg skulde vera Bonde og sitja paa ein Gard. Men det maatte ha vori i gamle Dagar, daa Bonden ikkje berre sleit for Pengejødane i Hamburg.»

I tillegg er det velkjent at Niels Kjær, Sven Elvestad og Rolf Jacobsen hadde tilsvarande haldningar.

Politisk-moralsk

Når Dingstad så går laus på Hamsun, gjer han det som ei politisk-moralsk utgåve av Francis Bull. Dingstad ser ingen skilnad mellom sjangrar som privatbrev, avisartiklar, romanar og skodespel, som alle like mykje målber Hamsuns ideologi. «Fra nå av gjelder det å inkludere ideologien i diskusjonen om dette forfatterskapet.»

Så i ein andre del tek Dingstad særleg for seg den nobelprisvinnande boka Markens Grøde, som får gjennomgå ikkje så mykje for antisemittisme som for den reaksjonære bondebodskapen. Vel, også for at Hamsun er i konflikt med dei jødiske forleggjarane sine i samband med utgjevinga. Som om ikkje det er vanleg anten forleggjaren er jøde eller ikkje?

Mest vekt legg han på at Hamsun skreiv delar av verket i Larvik, der den jødiske Sachnowitz-familien heldt til, utan at eg kan sjå at dette har direkte relevans for Markens Grøde. Snarare fungerer det som ei klårgjering av den parallelle forteljinga om det norske holocaust, som Dingstad søkjer å gjera Hamsun medansvarleg for.

I ein tredje del går Dingstad systematisk gjennom det meste av Hamsuns tekstar – på jakt etter antisemittiske utsegner. Han finn at dei inneheld fleire tilfelle enn tidlegare registrert. Lars Roar Langslet fann 50 slike, medan Dingstad hevdar å ha funne 200. Men her må det peikast på at mange av desse finn han takk vera oppfinnsam bruk av mistenksam fortolking.

Til dømes: «(…) så er alle positive karakteristikker (av jødar) samtidig negativt ladet om de bedømmes ut fra konteksten.» Eller når Dingstad påstår at den usympatiske fru Ruben i Siste Kapitel må vera jøde, og at det er eit poeng at ho er det, sjølv om det ikkje står i teksten, berre av di namnet skal vera jødisk. Eller i den korte forteljinga «Udi søden Sommer», der ein Otto Mengel vert omtalt som «Aagerkarl» og difor må vera jøde, av di Dingstad finn i Dansk Synonym-Ordbog fra 1941 at der «opptrer oppslagsordet ’Aagerkarl’ med synonymene ’Pengeudlaaner’, ’Aagrer’, ’Blodsuger’, ’Jøde’».

Medansvarleg

I alle høve: Er verkeleg føremålet med Dingstads bok å døma Hamsun på nytt? Personen er jo ferdigdømd. Spørsmålet er meir om tilfella av antisemittiske utsegner i Hamsuns litterære verk rimelegvis kan seiast å vera så krenkjande, primært for jødar, at det overkøyrer dei litterære verdiane i verka? Slik ser ikkje eg det, og heller ikkje Singer.

Men Dingstad gjev seg ikkje. I fjerde del skriv han grundig og godt nok om det norske holocaust sett gjennom historia til familien Sachnowitz i Larvik, slik Hermann, som einaste overlevande, fortel ho til Arnold Jacoby. Då står det berre att, i siste og femte del, å visa at Hamsun-historia og holocausthistoria ikkje berre er parallelle, men at Hamsun, inklusive dei litterære verka hans, er medansvarleg i det norske holocaust.

Her går det heilt over styr for Dingstad. Han kan ikkje leggja fram noko belegg for at Hamsun kjende til og gjekk inn for noko holocaust, korkje i artiklar eller i dei litterære verka. Han ville at jødane skulle flytta til Israel, ikkje at dei skulle utryddast.

Dingstad sluttar boka si med å formulera tolv tesar, der dei elleve første vel er meint (?) å grunngjeva den siste: «Hamsun var som forfatter en premissleverandør for det norske Holocaust, og det å betrakte ham som en stor og god forfatter etter Auschwitz, er barbarisk.»

Det er nærliggjande å tru at Dingstad her refererer til ei utsegn av Adorno: «Etter Auschwitz er det å skriva dikt barbarisk.» Men det er uklårt kva Adorno eigentleg meinte, og i alle høve trekte han utsegna attende. Det same burde Dingstad gjera. Ein ting er å vera usamd med andre. Noko verre er å stempla dei, slike som meg, som barbarar, altså å vera utan kultur.

Og for å koma med ein trettande tese: Når litteraturprofessorar ser det som si oppgåve å vera politiske kommissærar, må (varsel)klokkene ringja for dei. Og for oss.

Rett nok tok Hamsun feil når det galdt seg sjølv: «Om hundrede år er allting glemt.» Her trumfar empirien både spådommen og Dingstad. Men kritikarar som vil fjerna litteratur og diktarstatuar, kan merka seg det Sibelius sa: «Ikkje bry deg om kva kritikarane meiner og seier. Hugs at ingen nokon gong har reist ein statue for ein kritikar.»

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dingstad ser ingen skilnad mellom sjangrar som privatbrev, avisartiklar, romanar og skodespel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis