Film

Skal plasten få drepe oss?

Publisert

Det tok berre eit par generasjonar frå plasten blei sett som menneskeslektas velsigning til han blei vår forbanning og ei av dei aller verste kjelder til forureining. Denne dokumentarfilmen fortel korleis fleire av verdas mektigaste selskap med alle midlar jobbar for at dette produktet, som er 99 prosent fossilt materiale, også skal halde fram som superforureinar. Dei argumenterer med at det er ikkje noko gale med plasten i seg sjølv, det er avfallshandteringa som ikkje er god nok.

Slik kan ein «toe» sine hender og lukke auga for dei enorme plastfyllingane i fleire land og dei stadig aukande mengdene som trugar med å øydelegge livet i havet. Bileta denne filmen syner, er til å miste nattesøvnen av. Samstundes spyr fabrikkane ut usannsynlege mengder med eingongsplast kvar dag. Mykje emballasje som før kom i aluminium og glas, kjem no i plast – og vi tek med takk imot. Men kvar skal vi gjere av han når berre ein liten del lèt seg resirkulere?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement