Bok

Sjølvoppgjer frå hi sida

Løynt i Dag Solstads uferdige og posthumt utgjevne roman ligg ein grunnleggjande kritikk av den kommunismen han i livet aldri kom heilt laus frå.

Dag Solstad døydde 14. mars i år, 83 år gamal.
Publisert

Ein kan ikkje venta av ein forfattar at han skal slutta å skrive. Det ville bokstavleg tala vera som å missa taleevna. Sjølv Hamsun, etter å ha avrunda forfattarskapen sin med Ringen sluttet i 1936, tok opp att skrivinga under interneringa på «det psykiatriske Daarehus paa Vindern». Paa gjengrodde stier (1949) synte at den gamle meisteren enno kunne handverket etter tretten års tagnad.

Likevel er det Ringen sluttet som samlar trådane i Hamsuns romanar, og lèt hovudpersonen Abel Brodersen lekamleggjera grunnideen i livsverket: Det å gjelda for noko i verda, trå etter rikdom og ry, alt det er fåfengd og jag etter vind.

Avrundinga

På same vis finn Dag Solstads forfattarskap den naturlege avrundinga si i 17. roman frå 2009, der hovudpersonen Bjørn Hansen i den siste scena sit åleine på Nordagutu stasjon under perronglampa og les i Sygdommen til døden av Søren Kierkegaard.

Denne sjukdomen, som inneber at mennesket enno ikkje har funne seg sjølv og står i fare for å fortapa seg sjølv, pregar heile forfattarskapen til Solstad, og fann her det endelege uttrykket sitt.

Men sjukdomen til døden, fortvilinga over livet, er ein fortvila slutt, og det er mogeleg å lesa den siste boka til Solstad – Endelig! Lykken. Og mitt forsøk, i 2022, på å utholde smerten ved tidens herjinger – som ein siste freistnad på å overskrida fortvilinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement