Sjarmerande oppvekstskildring
Vekstsesonger inneheld dikt der det forteljande momentet står sterkt.
Kristian S. Hæggernes skriv både poesi, noveller og romanar.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
DIKT
Kristian S. Hæggernes:
Vekstsesonger
Cappelen Damm
I Kristian S. Hæggernes’ Vekstsesonger dreier det seg om oppvekst lagd til ein forstad i Bergen i andre halvdel av 1980-åra, nærmare bestemt 1985–1987. Ein møter ein ung usikker eg-person som slit med tilnærminga til jenter og å finne seg til rette i klassen. Han høyrer definitivt ikkje til blant dei populære gutane.
Tre sommarferiar er utgangspunkt for tekstane, der guten tenkjer over fortida, grublar over framtidsforventingane, reflekterer over skulegang og familien og lengtar seg sjuk etter den jenta han aldri får. Ikkje minst har guten ein kropp der den vaknande kjønnsdrifta freistar å få eit ord med i laget, ofte med upassande, pinsame og komiske resultat. Men seksualitetens bramfrie ytringar hindrar ikkje at det elles er ein reflektert ung mann som veks fram på boksidene, plagsamt medviten om eigne manglar og det å ikkje strekke til.
Gode bilete
I høgste grad er dette forteljande dikt. Det forteljande aspektet har fått ein meir sjølvsagd plass i norsk poesi dei seinare åra. Men Hæggernes er ikkje berre forteljar, han evnar også å skape gode bilete som gir tekstane eit ekstra lyft.
Boka er sjarmerande å lese. Raffinert smidd til og fiffig gjort. For trass i eit sterkt forteljande driv, ser tekstane ut som dikt. Og stramt og konsekvent har det vorte, iallfall i det ytre: Alle tekstane er sette opp på identisk vis, med heilt likt strofetal. Kvar tekst gjer eit punktnedslag og faldar ut ein episode eller utviklar eit poeng. Kan hende kan ein betrakte den ytre forma som ein disiplinerande freistnad på å halde det hormonelle kaoset under kontroll, kan hende også som eit uttrykk for den instansen som formar og sosialiserer det unge individet inn i samfunnet. No må det også seiast at forma ikkje fungerer som ei tvangstrøye, for språket er ledig og overtydande, og snedig nok verkar eg-personen å hamne utanfor dei konforme rammene han gjerne vil inn i.
Tillitsvekkande
Kristian S. Hæggernes er ein svært dugeleg novelle- og romanforfattar og poet. Dette syner Vekstsesonger. Forfattaren har skapt eit tillitsvekkande oppvekstunivers, der seksualitet og det å vere sårbar og usikker romsterer, og der mørke og underfundig komikk går hand i hand.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hæggernes skaper gode bilete som gir tekstane eit ekstra lyft.
Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.