Musikk
Sjarmerande musisering
Datadyr gjer det igjen.
Datadyr held til i Bergen.
Foto: Truls Skram Lerø
Den bergensbaserte trioen debuterte for tre år sidan med plata Woolgathering. Framleis er låtane ein miks av jazz, progrock og country. Låtane lagar dei tre saman, og dei ni låtane på This We Know er meir særprega enn samlinga på debutplata. På debuten hadde dei invitert saksofonisten Kjetil Møster og Mathias Marstrander på pedal-steelgitar. Denne gongen er Aksel Røed gjest. Eit svært høveleg val. Som solist vil Røed løfta kvart einaste prosjekt han tek del i. I tillegg gjev saksofonen ved eit par høve eit kjærkome rikare lydbilete.
Trioen har lånt øyre til Bill Frisell, John Scofield og kanskje i særleg grad norske Bushman’s Revenge. Den ettertenksame bluesinfiserte «Looking for Colorado» har så avgjort eit Frisellsk drag over seg, og i dei raske låtane er tydeleg Bushman’s Revenge eit førebilete. Det gjev ikkje høg odds å tippa at Nordstrøm meir enn ein gong har lytta til Gard Nilssen.
Fleire av låtane er konstruerte over same leisten. Det vil seia at temaa utfaldar seg på underliggjande ostinat som blir modifiserte i varierande grad. Tempo og groovar endrar seg også stadig vekk. I sum gjev dette eit uttrykk som både er kontemplativt og pulserande. Solistisk er Røeds bidrag heilt sentrale, men også Mikkelsen er framifrå i så måte. Koret hans på «South of Midnight» er heilt strålande, og den lange soloen han har på «klisjeen» «Point Blank» er perfekt konstruert. Datadyr er alltid sjarmerande og på sitt beste heilt konge.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.