Teater

Shakespeare-pudding

Translyria er ein litt forvirrande kompott om kjønn og identitet.

Utdrag frå fleire Shakespare-stykke er samla i framsyninga på Sogn og Fjordane Teater.
Utdrag frå fleire Shakespare-stykke er samla i framsyninga på Sogn og Fjordane Teater.
Publisert

Translyria er ein Shakespeare-kompott. Frode Gjerløw har henta meir enn 25 tekstutdrag – korte og lange – frå sju av meisterens stykke og sett dei saman til noko som skal bli ei samanhengande historie om kjønn og identitet. Frå «heile verda er ei scene» i Som du vil går ferda fram og tilbake mellom dette og Macbeth, Helligtrekongersaften, Richard III, Når trollet skal temmast, Hamlet og Romeo og Julie.

Denne paraden av kjende og mindre kjende Shakespeare-scener blir stundom litt forvirrande. For vi er vane med å knyte til dømes balkongscena til dei to unge elskande i Verona eller «å vere eller ikkje vere» til personen Hamlet. Men her ber dei andre namn fordi det er gjennomgåande figurar som seier fram snart den eine, snart den andre kjende replikken.

På Shakespeares tid var det slik at kvinner ikkje hadde lov til å stå på ei scene, då spelte menn også kvinnerollene. I denne oppsetjinga kjem den tvitydige kjønnsdimensjonen til uttrykk på ulike vis, tydelegast ved at både Sulekha Ali Omar og Anders Firing Aardal speler både mann og kvinne. Men innimellom druknar problematikken i scener som Gjerløw tydelegvis vil ha med, sjølv om dei ikkje direkte tek opp slike tema.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement