Sauebonden som vart naturvernikon

Somme gonger må ein til verdas ende for å finne dei mest sentrale historiene.

Publisert

Kor mange bøker om og av bønder om bønders daglege virke treng vi? Ja, eg innrømmer det, det var min fyrste tanke då eg fekk boka Sauebonden Heida i hende – etter James Rebanks Sauebondens liv i 2017 og heimlege Erik Stenviks Bondevett i 2018, i tillegg til tallause sesongar av danske Bonderøven og norske Karianne på Røst på fjernsynet. Treng vi meir? Treng vi denne?

Vel. Eg vel å løyse ut spaninga med ein gong: Svaret er eit høgt og tydeleg ja. Særleg fordi historia Heida Gudny Àsgeirsdóttir fortel gjennom forfattaren Steinunn Sigurdadóttir, handlar om så mykje meir enn berre den daglege tralten med sauene. Mykje av det er særleg viktig akkurat no, og akkurat her – i Noreg, altså.

Ikkje for det, når ein vel vert van med stilen, fortel boka drivande godt om livet som einsleg sauebonde «ved verdas ende», for slik vert garden Ljótarstadir, med 500 sauer frå 200 til 500 meter over havet, omtala. Garden driv Heida aleine. Berre matlaginga overlèt ho til mor si, som ho deler hus med. Nokre vener har ho, og hjelp i lamminga, sjølvsagt, men i det store og heile er ho aleine: Etter tjue år som bonde veit ho kva ho er god på, kva ho klarer, og når ho må be om hjelp. Heida meistrar gardsdrifta, og det er både inspirerande og godt å lese.

Kven fortel?

Men altså – stilen. Ei stund utover i boka plaga det meg at eg ikkje visste om det var Heida eller Steinunn som snakka. Særleg kombinert med det særs munnlege språket, med utstrekt bruk av ropeteikn og tenkeprikkar (...), vart eg usikker: Kven er det si forteljing vi får servert? Kor mykje av dette er sant?

Vel, det gjekk over, det òg. Snart lit eg hundre prosent på orda Heida, eller Steinunn, seier eller skriv. Dei er rett og slett så liketil og ærlege at det vert umogleg å tvile: «De første driftsåra jobbet og jobbet og jobbet jeg alle dager, alle netter», les eg: «En gang ble jeg helt tullete, jeg vet ikke hvilket nummer i rekken den arbeidsnatta var. Jeg drev og pløyde, og det var på morgenkvisten. Da begynte alt mulig rart å komme opp av jorda. Det kom kyr, og det kom sauer. Da jeg så en møkkaspreder komme opp av jorda, kvalte jeg traktoren. Det var en blå møkkaspreder.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement