Film
Sanseleg, sanseleg, eg seier dykk
Den gamle Emily Brontë-klassikaren er kostymedrama som lyser av tidsånda. Vår tidsånd, altså.
Den Oscar-vinnande filmskaparen Emerald Fennell har laga sin versjon av romanklassikaren til Emily Brönte, med Jacob Elordi og Margot Robbie i hovudrollene.
Foto: Warner Bros. Discovery
Vesle Catherine/Cathy Earnshaw (Robbie som vaksen) veks opp saman med den forfylla far sin på det forblåste huset Wuthering Heights ute på heiane i Yorkshire. Ein dag tek han ein fosterson, Heathcliff (Elordi som vaksen), og dei to viltre ungane blir bestevener.
Åra går, pengane minkar, og då den rike Edgar Linton og veslesystera flyttar inn ein hestetur unna, ser Catherine sitt snitt til å gifta seg opp i rang. Samstundes har kjenslene hennar for Heathcliff slått ut i full Georgia O’Keeffe-blom.
Høydare
Romanen til Emily Brontë kom ut i 1847 under psevdonymet Ellis Bell. Stormfulle høyder/høgder har kome ut jamleg sidan, selt i hundretusenvis av eksemplar, og berre i Noreg finst fem ulike omsetjingar. Boka er innspelt i tallause film- og TV-versjonar, heilt sidan stumfilmversjonen frå 1920, Laurence Olivier som Heathcliff i 1939-filmen, mexicanske og japanske filmatiseringar, Cliff Richard (!) i musikalen frå 1997, fram til sosialrealiststjerna Andrea Arnolds versjon frå 2011.
Plenty sjansar til å lesa eller sjå, altså, men korta på bordet: Eg måtte googla handlinga før pressevisninga. Mitt einaste forhold til Wuthering Heights er låten til Kate Bush, ein song me elska då me var små, men som me ikkje skjønte bæret av. Samanlikningsgrunnlaget mitt er ergo syltynt.
Austrålande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.