JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sanseleg nærvær

Utgjevinga presenterer både gjendiktingar og ord for ord-omsetjingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2887
20230310
2887
20230310

Dikt

Utval og gjendikting Anders W. Cappelen og Bjarne Jakhelln-Semb:

Årstidene i japansk haiku

Solum Bokvennen

Det tradisjonelle japanske haikudiktet med sine tre liner er blitt ei populær form for skrivarar og lesarar. Sjølv om haiku i si noverande form stammar frå meisteren Basho (1644–1694) og har endå eldre røter, er det framleis ei levande litterær diktform i Japan. Her til lands byrja det å kome norske gjendiktingar 1960-talet, og haiku må vel også kunne seiast å vere ei etablert form på norsk også.

Haikudiktet gjer oss merksame på augeblikket og intensiverer eit sanseleg nærvære. Diktet viser at kvardagshendingar kanskje ikkje er fullt så ordinære når ein tek seg tid og gløttar etter. Gjennom naturbilete frys eit godt haikudikt sanseaugeblikka, smeltar saman det flyktige og ævelege og lyftar det heile til ei høgare eining. «la oss gå/ ut i snøen/ og dette omkull», skriv Basho og lèt med det mennesket og snøen møtast i same rørsle. Medan haikumeisteren Issa ein stad vender seg til loppene og utvidar medvitet til både lesarane og loppene: «for dere lopper/ er vel også natten lang/ og ensom».

Det er heile denne tradisjonen Anders W. Cappelen freistar å syne fram for norske lesarar med boka Årstidene i japansk haiku. Boka presenterer 400 haikuar av 76 ulike haikudiktarar, frå Sogi (1421–1502) til Santoka (1881–1940). Meistrane i japansk haiku – Basho, Buson og Issa – har fått mest plass, med halvparten av dikta.

Norske gjendiktingar av austleg lyrikk er ofte baserte på engelske gjendiktingar. I så måte skil denne boka seg ved at gjendiktingane byggjer på ord for ord-omsetjingar frå japansk til norsk, utførte av Bjarne Jakhelln-Semb. Del to av boka inneheld desse ord for ord-omsetjingane, med grundige forklaringar til.

Dei som er interesserte, kan slik sjå korleis grunnmaterialet for dei norske gjendiktingane ser ut. Ein ser her kor mykje gjendiktaren må bidra med, særleg når ein fører over dikt frå språk som har ei anna oppbygging enn det norske. Men ein ser også at Cappelen kunne ha løyst gjendiktingane på eit anna vis, iallfall ser eg eit hav av andre val her, for små nyanseforskjellar dreg eit haiku i ei heilt anna retning. Eitt av dei mange strenge krava til eit haiku er at det skal innehalde eit årstidsord, eit kigo, og her finst kulturforskjellar som gjer gjendiktararbeidet vanskeleg.

Både Cappelen og Jakhelln-Semb har skrive opplysande forord om tradisjonen og spesifikke trekk ved japansk språk. Om kvart haiku hadde fått stå for seg sjølv på éi side, i staden for tre i slengen, hadde det vore ekstra fint. Men saknet endrar ikkje på at dette er ei flott bok som på grunn av ord for ord-omsetjingane også kan nyttast som utgangspunkt for nye, alternative gjendiktingar.

Sindre Ekrheim

Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis