Bok

Samtida i våre hender

Cathrine Knudsen skriv tankevekkande om ei framandgjord framtid.

I sin sjette roman tek Cathrine Knudsen lesaren med inn i ei framtid der alle er overvakte.
I sin sjette roman tek Cathrine Knudsen lesaren med inn i ei framtid der alle er overvakte.
Publisert

Ein er berre så gamal som ein kjenner seg, heiter det. I Cathrine Knudsens roman Kjærlighetsfragmentet er ein berre så gamal som ein blir målt til. «Aldersrevisjonen» fortel deg, etter omfattande helsesjekk, kva den biologiske alderen din er. I eit slikt system går det bokstaveleg talt sport i å halde alderen sin nede så lenge ein kan.

Ingen draumar lenger

Vi er i ei framtid som ikkje er langt frå vår tid, men som likevel kjennest lysår unna. Ikkje så mykje fordi menneska går med helselenke kring handleddet som registrerer skritt, temperatur, puls og posisjon, eller fordi det er «wifi og stråling» overalt – dette har sin plass i verda i dag. Men heile barne- og vaksenlivet er no gjennomregulert: Barna lever nokre år i ein «opplæringssimulasjon», der dei får kunnskapar om den gamle verda. Dei kan plasserast på oppvekstgardar, men har ikkje foreldra råd til dette, må dei bu på arbeidshotellet der foreldra arbeider i dei obligatoriske «kjerneåra».

Hovudpersonen Lava arbeider på oppvekstgarden Agro Childhood, der dei gjer sitt beste for å framstå autentisk for barna, men ein skjønar at garden med sin «naturlege produksjon» langt på veg er ei konstruert røynd. Digitale plattformer er einaste inngang til skulen, Lava kan ikkje oppsøke eit menneske med ein viktig beskjed om legetime for dottera. Menneska kan ikkje drøyme lenger, så draumane må arrangerast, mot betaling.

Presist språk

Lava fortel barnebarnet Åse-Lin at då ho sjølv var lita, likte ho å vere med farmora i butikken, som ikkje låg i eit kjøpesenter, men som heitte daglegvare og låg for seg sjølv. Åse-Lin har sjølv aldri vore i ein butikk, ho er vand med å få all mat servert på hotellet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement