Teater
Saknar den skarpe brodden
Underhaldande og tankevekkjande om misunning, statusjag og mindreverdskompleks i klassesamfunnet.
Karin, spelt av Stine Robin Eskildsen.
Foto: Eirik Brekke
Det er sørgjeleg lett å kjenne seg att i mykje av det Agnes Ravatn skriv. Såleis også med romanen Gjestene (2022), som Morten Joachim har gitt ei vellukka scenisk form. Men i regien kunne han gjerne ha skjerpa tonen noko, slik at framsyninga hadde blitt meir satire og mindre rein komedie.
Ravatn tek for seg nokre menneskelege drag vi alle har, men som gjennom sosiale medium er blitt forsterka bortanfor all fornuft. Avgrensa til dagleg Facebook-framsyning av maten ein har laga eller nytt på ein eller annan fancy restaurant, er det meir enn nok. Men det stoggar jo ikkje der; denne trongen etter å markere seg – om så gjennom løgn og bløff – kjenner snart ingen grenser.
Juristen Karin (Stine Robin Eskildsen), med sin uspanande jobb og lengt etter det rikmannslivet ho aldri kan bli ein del av, får låne luksushytta til barndomsvenninna ho hatar (Susann Bugge Kambestad). Saman med snikkarektemannen (Hugo Mikal Skår) flyttar ho inn i luksusen. Så oppdagar ho at i nabohytta bur eit berømt forfattarektepar (Marianne Nielsen og Svein Harry Schöttker-Hauge), og straks kjenner ho trong til å imponere ved å gjere seg rikare og viktigare enn ho er. Dermed byrjar løgna, som etter kvart skal gå i ein stigande spiral. Men det er fleire som ikkje fortel heile sanninga…
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.