Bok

Så sant som det er sagt

Knut Nærum skriv tankevekkande satire om grenser for innsyn.

Knut Nærum har skrive ein roman inspirert av det åttande bodet: «Du skal ikkje tale usant om nesten din.»
Knut Nærum har skrive ein roman inspirert av det åttande bodet: «Du skal ikkje tale usant om nesten din.»
Publisert

Ærlegdom varer lengst, heiter det. Men kor lenge varer noko som helst, om ein skal vere heilt sannferdig kvart sekund? Prøv å sjå kor langt du kjem i løpet av ein dag. I Knut Nærums roman Sannheten kjem det absurde i å alltid sjå på sanning som omsorg for eksempel fram i ein replikk frå mann til kone: «Jeg har vært utro. Det vil si, jeg er det fortsatt. Det er et forhold som ikke er over. Som pa°ga°r. (…) Og bare sa° det er sagt, det er et forhold som jeg mener har vært, er, bra for meg. Hun – Karita – fa°r meg til a° se lysere pa° ting. Da kan jeg ogsa° være mer til stede hjemme. Har du merket det, at jeg er i bedre humør? (…) Og det mener jeg er en god ting for oss begge.»

Retten til skrøner

Hovudpersonen Jannike er tidleg i 40-åra, er gift med Stefan og har to barn. Dei bur på Røa i Oslo. Dei lever i ei brytingstid, der styresmaktene har gått inn for eit meir ope samfunn: Ingen skal ha løyndomar, alle må seie sanninga, elles får dei kvalmebyer av den innebygde løgndetektorchipen. Ein slik grad av å vere open slår sjølvsagt om og blir eit fengsel. Storebror ser deg, enten gjennom reglementet, frå dronane i lufta eller ved registreringa på biblioteket: Som bibliotekar blir Jannike beden om å skrive ei liste over kva ein mogleg terrorist vil lese, slik at styresmaktene kan jamføre lista med utlånsregisteret og plukke ut suspekte lånarar. All slik registrering er sjølvsagt «frivillig», det er berre det at ein blir frosen ut og fordømd om ein ikkje går med på det. Då «melder ein seg jo ut av fellesskapen».

Dei som overvakar det heile, er Innsynet, tidlegare Datatilsynet. Her jobbar såkalla velmeinande menneske, og deira fiende nummer ein er motstandsgruppa LOFD («Løgn og forbandet dikt», etter Ibsen). Gruppa kjempar for retten til å fortelje ei skrøne i ny og ne, for å ha løyndomar. Konflikten spissar seg til, og til sist endar motstandsfolka som flyktningar ved svenskegrensa, der dei lever av villsvin og bær og jaktar med spyd. Frå rekkehus på Røa til steinalder på kort tid der, altså.

Humor og alvor

Knut Nærum er kanskje ikkje i første rekke romanforfattar, om vi ser på karakteroppbygging og språkføring, sjølv om han har ein velutvikla teft for dramaturgi. Nærum har først og fremst sans for satire, og eg ser Sannheten som leik, som eit tankeeksperiment over kva som skjer når samfunnet går føre individet i total forstand, når ein ikkje står igjen med eit einaste rom som er berre eins eige.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement