JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Så lada

Det er ikkje godt å seie kva som er høna og egget i portrettet av ei skjør mor og ein far med utfordringar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tore Westre er lektor og har gått på Forfattarstudiet i Bø. No debuterer han som romanforfattar.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

3689
20230526
3689
20230526

Roman

Tore Westre:

Det er best sånn

Tiden

Kor lite plass treng ein for å fortelje utruleg mykje? Tore Westre teiknar på 139 små sider i Det er best sånn opp eit stort, rikt og sårt univers. Det er mest så det gneistrar av boksidene.

Universet består hovudsakeleg av han, ho og sonen. Det er heile tida han som fortel, sjølv om dei tre delane er innleia med «Han», «Hun» og «Jeg». Han er ein mann som slit med å finne ut korleis han skal takle forhold, seg sjølv og sonen. Ho er ei kvinne som opplever at ho ikkje strekk til. Sonen dinglar mellom dei etter beste evne.

Alt smuldrar

I første del bur han og sonen aleine. Noko har skjedd, noko traumatisk for dei begge. Det kjem fram at faren ikkje har oversikt over rutinane til sonen, som i ein barnebursdag der han ikkje veit om guten vil ha både ketsjup og sennep på pølsa. Hos tannlegen kan han ikkje gjere greie for om guten er flink til å pusse tennene. Kvardagen går elles greitt med bringing og henting til barnehagen, med middag på bordet, turar til symjehallen.

Men det er noko fjernt over faren. På jobben skjer det same kvar dag: Kari-Ann spør korleis det går, om han ikkje skal ta seg litt fri, og Leif masar om skjema som skal leverast inn. Vår hovudperson flyttar vilkårleg rundt på nokre tal i excelkolonner og sender dei av garde. Til sist bryt maskina hans saman, og han får ikkje hjelp av IT-konsulenten, som til sist tar sommarferie.

Alt smuldrar. Heime stiller sonen dagleg spørsmål om kva som finst på månen (Finst det magasin? Finst det torevêr?), og han seier slikt som at ein gong var sjøstjernene aleine i havet, då lyste dei opp som lamper, eller han fortel om skjelpadda som blødde naseblod. Faren snakkar abstrakt tilbake til han: «Det finnes en logikk i det meste», «Det eneste som har noe å si, er våre egne meninger», «Vi har ikke styring på når noe blir annerledes».

Enkelte blir lytta til

I del to får vi eit tilbakeblikk til før sonen er fødd, og foreldra er på barselkurs: «Det blir sagt noe om a° sette fri knutene som binder oss til barndommen. En kvinne gra°ter i armene til en mann. Det sies noe om a° drive det indre ut og tillate seg selv a° være sa°rbar og forsvarsløs. Jeg gjemmer hendene under la°rene.» Alle er opptatte av moras minste behov, men ikkje av farens verken små eller store, anna enn å stille krav til at han må vere forståingsfull. Resten er kritikk.

Han støyter på kritikk kor han enn snur og vender seg: frå togkonduktøren, på jobben, i barnehage og skule. Det er kanskje ikkje rart at han overfører noko av dette på sonen, som i formaningane: «Ikke pirk sånn», «Du er nødt til a° brette», «Du skal ikke plukke opp ting fra bakken». Samstundes er det jo oppdraging.

Sterke portrett

Ein kan seie at den knappe stilen også er ein slags «sjokkskada» stil. Han seier ikkje meir enn det vesle han orkar til kvar tid, det er også grenser for kva han kan ta innover seg. Slik blir det opne sinnet til guten nærmast ein trugsel, som han må halde i sjakk og berre tillate dosar av.

Tore Westre har skrive fram eit portrett av ei skjør mor med eit apparat i ryggen og ein far med utfordringar, men der det ikkje er godt å seie kva som er høna og egget av tilkortkomminga og kritikken, og av ein liten filosof mellom to språk, to måtar å møte verda på, to skadeskotne. Guten er sjølv allereie skadeskoten: «Det er fotballkamp. Jeg sta°r pa° sidelinjen. Han spiller forsvar. Jeg vet ikke om det er en rolle han selv har valgt, eller om treneren har vurdert ham som en som kan forsvare.»

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis