Teater

Så er også Agatha Christie blitt opera

Godt spel og gode songkrefter pregar Christie-klassikaren.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Haugesund Teater og Haugesund Kammeropera.
Framsyninga er eit samarbeid mellom Haugesund Teater og Haugesund Kammeropera.
Publisert

Dette er Christie-klassikaren som endra tittel to gonger utan at ein moderne sensitivitetslesar hadde vore borti han. Frå Ten Little Niggers via Ten Little Indians til dagens tittel. Og i Haugesund får vi den svært alvorlege og dødelege historia som kombinert kammeropera og krimfarse. Det fungerer fint, det òg – sjølv om Dame Agatha kanskje ikkje ville godkjent avslutninga.

Lite rom

Det skal vere første gong nokon har sett musikk til ein Agatha Christie-roman, og haugesundaren Mathias Halvorsen har komme vel frå oppgåva. Tonane hans gir djupn til handlinga samstundes som dei i nokon mon maktar å karakterisere dei mange personane i stykket.

Desse mange blir stundom eit problem. For teaterscenen er av det tronge slaget, og for aktørane blir det lite rom å røre seg på, men med smidigheit går det òg. Ein opera krev også eit orkester; her består det av komponist og pianist Mathias Halvorsen og kontrabassist Nikolai Matthews, som også har fått ei rolle som gjer at han tidleg i framsyninga kan dra på seg likskjorta og konsentrere seg om musiseringa. Saman syter dei to for samanheng og framdrift.

Dette er historia om ti personar – alle med ei løynd fortid – som er innbedne til å møtast på ei øy. Ingen av dei veit kven verten er, og han får dei heller ikkje treffe – sjølv om han på ymse vis treffer dei. I tråd med det gamle barneverset om dei ti små (i denne versjonen soldatane) som drog ut i det fri og blei stadig færre, blir ein etter ein av gjestane drepne. Uhygga stig, angsten likeins, og etter kvart kastar dei mistanken mot kvarandre på klassisk krimvis. Alle gjestene skal døy. I alle høve om ein slavisk følgjer Agatha Christies oppskrift. Men heilt slik går det ikkje her.

Gode prestasjonar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement