Bok
Rutineprosa om skriftkultur
Papirmagasinet Newsweek gjekk i trykken laurdag kveld. Laurdag 17. januar 1998 stoppa redaktørane eit eksklusivt oppslag om Clinton-affæren med Monica Lewinsky i siste liten av di dei var usikre på konsekvensane. I staden slo nettpublikasjonen Drudge Report til kl. 22.32 same kvelden. Dagane etter fekk journalistar det travelt med å skaffe seg internettabonnement så dei kunne lese oppslaget på ein nettstad dei ikkje hadde høyrt om.
Året før hadde Norsk språkråd gjort eit første forsøk på å finne ut kor mykje nynorsk og bokmål som blei brukt i dokument på internett. Og i 1996 hadde Idar Lind gjort noko heilt nytt. Same år som Dag og Tid og nokre få andre aviser gjekk digitalt, publiserte han kriminalromanen Hysj digitalt, kapittel for kapittel.
Skriftkultur
Skrifta er der same kvar ein vender seg. Då blir det også viktig å forstå dei mange funksjonane skrift har, korleis desse har endra seg over tid, og korleis skriftkulturar pregar samfunn. Den norske bokbransjen etablerte Rådet for skriftkultur alt i 1982 og opna dermed feltet for allmenne drøftingar lenge før norske forskarar hadde noko å melde. Eit så vidt felt ligg vidope for tverrfaglege studiar der språkforskarar, litteraturvitarar, retorikarar, sosiologar og statsvitarar skriv seg saman. På vegen dit kan sjølv avgrensa studiar ha verdi.
Den nye e-boka Skriftkulturstudiar i ei brytingstid inneheld artiklar av sju professorar og ein førsteamanuensis. Bak dei titlane ligg mykje skriverøynsle, men det meste av boka er rutineprosa. Verken dei skilsetjande hendingane ovanfor eller dynamikken i utviklinga er fanga opp. Diverre handlar få av dei 149 sidene om det digitale og like få om brytingstida.
Kvar for seg gjer Arne Apelseth og Kjell Lars Berge ryddig greie for skriftkultur generelt og nordisk forsking i skriftkultur på 2000-talet. Som tidlegare ordskifte i Dag og Tid har vist, er forskarane usamde om omgrepsbruken. Medan ‘skriftkultur’ i det minste gir ei intuitiv forståing av kva det handlar om, har særleg pedagogane fått det for seg at ‘literacy’ er meir meiningsfylt. Det er eit fotnoteord i den forstand at det må forklarast og presiserast kvar gong det blir brukt i ei vidare tyding. Eit omgrep som er diffust på engelsk, blir sjeldan klarare i setningar på norsk. Alt i 1971 omsette Johan Ottesen ‘literacy’ med ‘skriftkultur’ i Engelsk-norsk ordliste i sosiologi. Takk og pris, redaktørane Stig Jarle Helset og Endre Brunstad har halde fast ved ‘skriftkultur’ som samlande omgrep.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.