Film

Rusk i Maskineriet

Utan logiske brestar og stive statistar kunne denne gode krimserien vore endå betre.

PÅ FLUKT: Kristoffer Joner hoppar og spring i ny krimserie.
PÅ FLUKT: Kristoffer Joner hoppar og spring i ny krimserie.
Publisert

Olle (Joner) vaknar i ein bil i Sandefjord med blod på seg, ein pistol i fanget og ein bag full av pengar, men utan minne om kvelden før. Før han kjem seg tilbake til Strömstad, må han rømma frå politiet med Nina (Schacht) i spissen. Men er han eigentleg skuldig? Svaret er meir komplisert enn som så.

Fotefar

I starten av denne åtte episodar lange krimserien kjennest det litt treigt, med eit stort persongalleri som skal presenterast, og litt formelprega, med den etterkvart svært velkjende karakteren «emosjonelt kald kvinneleg detektiv kjem på kant med kollegaene, men får jobben gjort». Det tek seg derimot kraftig opp utover, med kjappe vendingar og ny informasjon som vert fletta inn. Det er mange raude trådar å halda i, og kanskje eg er heldig som er notorisk dårleg på å gissa kven som er mordaren, når eg ser krim, men trådane vert stadig forlenga og tvinna saman med andre trådar, utan at dei avslører for mykje om den endelege oppklaringa. Det er klart det er mykje søkt, med endra identitetar, tilfeldige minnetap og flytande farskap, men det må du nesten kjøpa i dei fleste krimseriar, skal du kosa deg med dei, særleg når handlinga er lagd til Sandefjord og Strömstad. Når det er sagt: Eg kan nemna at det bur 23.000 menneske på heile Shetland, for dei som har sett på krimserien med same namn, noko som er rundt 40.000 mindre enn i Sandefjord.

Alt i alt

Sjølv om regien og manuset er i svenske hender, ligg mesteparten av dialogen i norske munnar. Eg ser mellom fingrane med at det er mykje klingande vestlandsk til å vera frå sandefjordgutar/-menn, og eg skal innrømma at eg nok ikkje hadde vore like tilgjevande om det var motsett. Det som skjemmer mest, er statistar med replikkar som vert stokkaktig framførte, og som dermed rykkar meg ut av handlinga og minner meg på at dette berre er film. Det skulle då vera enkelt nok å finna gode nok skodespelarar til desse smårollene? Sjølv om eg likar at ein av hovudskurkane er ei dame som ikkje kvir seg for å slå frå seg, vert det noko skjemt av slem-mor-karikeringa, inkludert blåsing av røykringar, banning og skuling. Derimot er det svært positivt at filmskaparane har klart å gjera rollefigurane samansette, både vonde og sårbare på same tid. Dette held også oppe ei ekte spenning over om Olle er skuldig eller ikkje. Og då har vel Maskineriet lukkast alt i alt.

«Kanskje eg er heldig som er notorisk dårleg på å gissa kven som er mordaren.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement