Bok
Rusens og kjærleikens overskridingar
Ein springande lyrisk tale som bevegar seg høgt og lågt i det språklege registeret.
Eirik S. Røkkum er debutant og kjem frå Averøy.
Foto: Terje Visnes
Lyrikkdebutanten Eirik S. Røkkum har med Kaskader av okser og aske skrive ein lyrisk-ekstatisk rølpeodyssé. Det lyriske eget jaktar på sanninga om seg sjølv og søkjer etter kjærleikens og rusens overskridande opplevingar og språk. Eget, som altså vekslar mellom å vere småfull og overstadig, rører seg gjennom Trondheims nattlege gater og bydelar, frekventerer pøbbar og hamnar i grøfter og slåstkampar, sekundert av ein springande lyrisk tale som vender seg til eit du – og til poesien. Men dette duet, som først er ein kjærast, forsvinn or soga, slik at det lyriske eget vert til ein forsmådd og einsam elskar og duet til ein ekskjærast.
Bloddrypande
Dermed er nokre av dei transformasjonane som langdiktet utfaldar, nemnde. Diktboka byrjar så å seie rett på, med gassen på fullt, i ei kebabsjappe. Med munnfullar av kebab lirer diktet av seg nokre omskrivne gloser frå Goethe og utsegner som rammar inn poetikken som skal vere styrande for ein sterkt animerte nattleg odyssé. Oksen vert etablert som motiv, for eget skal drikke «... av blodfossen fra matadoren/ når han hentes inn av/ et horn gjennom lysken». Diktet gjer seg på ingen måte til talsmann for måtehaldspoetikk: «Jeg skal smøre linjene utover/ som ei due under varebilhjulet.»
Djerve, hamrande og bloddrypande bilete ber bod om høg litterær energi. Men, som ein erfarer, ideane er ofte meir fullenda enn gjennomføringa. For lyrikken i boka slingrar og sjanglar i rykk og napp, frå det høge til det låge, frå treffande bilete, poesihistoriske referansar, via grøftefyll til plumpe og nærmast uforståelege replikkar fødde av fyllerøret.
Poetisk erklæring
Trass i den fordrukne tekstoverflata er diktet ei sjølv-vedkjenning og ei poetisk erklæring. Diktboka teiknar eit større bilete av egets oppvekst og historie, samstundes som diktet vev inn dusinvis av sitat frå poetar og bøker. Eget er eksistensielt sett heimlaust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.