Bok
Rundreise i hovudet
Ikkje berre hovudpersonen, men også forfattaren hennar kan hamne på språklege blindvegar.
Den danske forfattaren Helle Helle følgjer opp historia om Hafni, som har forflytta seg til Storbritannia i årets roman på norsk.
Foto: Mikkel Carl
Sist vi møtte Helle Helles Hafni, var ho skild og la ut på ei ferd rundt i Danmark der mål og meining oppstod undervegs. I årets roman har Hafni leigd ei leilegheit i Brighton for tre månader, i nok eit forsøk på å finne seg sjølv. Eller livsgleda.
Ho ser utover Den engelske kanalen, går turar langs moloen, drikk te og vin på kafear. Så kjem bror Jack på besøk, og ho bestemmer seg etter kort tid for å legge ut på ei vandring, sjølv om Jack ligg hjelpetrengande heime med vrikka ankel etter eit uhell i trappa.
Tulltur reiser AS
Hafni går og bussar rundt, treffer ymse folk som ho blir verande hos i opptil fleire dagar; ei dame som treng hjelp med å flytte ut av eit hus, eit bufellesskap av vaksne menneske, og ho utviklar ein relasjon til «Our Billy», som foreldra kallar han, og som ho brukar som eigennamn på han.
Enkelte gongar hamnar ho på ville vegar, men kjem seg på sporet igjen takka vere engelsk høflegheit og lommelyktlyset frå mobilen. Jack kjenner seg svikta og sender meldingar, dei prøver ho å fortrenge.
Livsgleda kan det sjå ut til at ho finn i den observante omgangen med tre, blomstrar, i sans for god matlaging og i ei velutvikla sosial evne og vilje til å hjelpe til. Samstundes forstår vi at Hafni snarare er på tulltur enn ein vanleg tur. Ho forlèt folk ho bur hos, utan å seie ifrå, og etterlèt dei sikkert som spørsmålsteikn. Likevel er ho åndsfrisk nok til å gruble over ordlyden i språklege uttrykk, irritere seg over feilplasserte kolon og filosofere over ting som kva som er forskjellen på syltetøy og marmelade.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.