Film
Røynde med røyndom
Eldre brør lagar strålande drama om unge mødrer.
Brørne Jean-Pierre og Luc Dardenne står bak endå eit sosialrealistisk drama, denne gongen om unge jenter på ein mødreheim i Belgia.
Foto: Fidalgo Filmdistribusjon
I den belgiske byen Liège bur tenåringsjentene Jessica (Verbeek), Julie (Houben), Ariane (Halloy) og Perla (Laruelle). Dei har sine utfordringar, som umodne 15-åringar ofte har, men ein baby i miksen gjer ikkje livet lettare.
På heimen for unge mødrer lærer dei det grunnleggande om spedbarnspleie, men livet må dei læra å takla på eiga hand.
Magemål
Det er ganske utruleg – brørne Luc og Jean-Pierre Dardenne har regissert og skrive 22 filmar saman, alle i sjangeren sosialrealisme, dei fleste om unge menneske som slit, eit pressa velferdssamfunn og velmeinande sosionomar som prøver så godt dei kan å hjelpa – og dei klarar finna ein ny vri kvar einaste gong! Denne filmen, om svært unge mødrer på institusjon, er ikkje noko unntak. Eit kjapt søk viser at talet på tenåringsfødslar har gått betrakteleg ned både i Noreg og Belgia dei siste åra, mest på grunn av prevensjon, men også med abort. Men dei unge mødrene finst, me ser dei berre ikkje så godt.
Som med dei andre Dardenne-filmane kjennest handlinga og skodespelet så nær røyndomen at det gjer vondt. Desse små jentungane med armane fulle av ansvar blir nesten freakshow-aktige, særleg høggravide Jessica med ein mage så malplassert mot eit ungt fjes. Det kjennest som å kika på noko litt ulovleg, men i motsetning til skikkeleg deprimerande røyndomsfilmar får du ikkje lyst til å sjå vekk, men sjå korleis det går.
Dardenne-brørne held seg som vanleg geografisk til heimtraktene rundt Liège, hovudstaden i den fransktalande delen Vallonia. Eg er ikkje stødig nok i fransk-belgiske dialektar til å vita om dei unge skodespelarane er lokale, men alle dei fire unge damene burde få ein stor karriere basert på prestasjonane i denne filmen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.