Film

Rovdyrkapitalismens herjingar

Verda er langt frå god, og det finst nok av menneske som meir enn gjerne gjer henne verre – for å oppnå kortsiktig vinst.

I filmen til Christian Frei og Maxim Arbugajev samlar sibirske menn inn mammutbein som kjem fram når telen tinar i Sibir.
I filmen til Christian Frei og Maxim Arbugajev samlar sibirske menn inn mammutbein som kjem fram når telen tinar i Sibir.
Publisert

Det gir Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) oss rikelege påminningar om gjennom eit program med 170 filmar, nokolunde halvt om halvt dokumentar og fiksjon. Om du ikkje vel filmane dine med omhug, risikerer du å gå i svart i løpet av ei snau veke. Men i somme høve finst det – kanskje – ei lita von.

Med åra har vi fått sjå fleire filmar om rovdrift på naturressursar i regi av multinasjonale storselskap, helst i Afrika, kopla med omfattande korrupsjon. I år var turen kommen til vesle Liberia, som fredsprisvinnar Ellen Johnson-Sirleaf skulle berge frå elendet skapt av 14 års borgarkrig og fleire års militærdiktatur under krigsforbrytaren Charles Taylor.

Men presidenten syner seg å ikkje vere stort betre enn dei andre. Ho gir lukrative toppjobbar til familie og venner og lukkar augo for at store utanlandske selskap øydelegg landsbyar og høgg ned ein tredel av skogane i landet for å leggje til rette for utvinning av palmeolje. Dokumentarfilmen Silas skildrar korleis den uredde aktivisten Silas Siakor kjempar mot overmakta – og delvis vinn fram.

Ein annan film, den austerrikske miljødokumentaren The Green Lie, illustrerer korleis det same skjer på Sumatra. Regnskog blir svidd av, store myrområde drenerte, folk fordrivne, menneskerettar systematisk krenkte og enorme areal opna for palmeolje. Fleire hundre tusen menneske har fått røykskadar etter regnskogbrenninga, og der oljepalmeplantasjane veks opp, blir alt anna liv drepe med gift. Bak galskapen står åtte multinasjonale gigantselskap. Styresmaktene lukkar augo for den miljøøydeleggjande nykolonialismen så lenge han gir milliardar til statskassa.

Positiv biverknad?

Så kan det likevel vere at jakta på meir og meir rikdom stundom har ein positiv biverknad, som dokumentarfilmen Welcome to Sodom (regi: Christian Krönes og Florian Weigensamer) gir eit slags døme på. På kort sikt, i det minste. Slik er det på den gigantiske, skitne skraphaugen Agbogbloshie utanfor Accra, hovudstaden i Ghana. Dette var eit viktig våtmarksområde heilt til ein tok til å fylle det opp med tonnevis av elektronisk avfall. Her tener 6000 vaksne og born til livsopphaldet ved å plukke frå kvarandre apparat og duppedittar på jakt etter metall eller anna som kan resirkulerast. Giftig røyk ligg heile tida over området, og tilhøva er ikkje av det slaget at ein bør opphalde seg lenge der, men mellom haugane av elektronikk lever og døyr menneske på leiting etter verdiar. At dei også har sin eigen dommedagsprofet, er berre som det skal vere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement