Bok
Rørande, vittig og satirisk
Bokmelding: Eden av Audur Ava Ólafsdóttir
Audur Ava Olavfsdóttir er av dei meste kjende forfattarane på Island. Sju av bøkene hennar er omsette til norsk.
Foto: Art Bicnick
Alba er språkvitar og tilsett ved Universitetet i Reykjavík. Ho er òg korrekturlesar for eit par forlag. Etter at ei metoo-sak rammar henne, kjøper ho eit forfalle hus på landet som ho set i stand.
Ho plantar tre og grønsaker og bygger levegger og gjer sitt for å kompensere for dei klimauvennlege flyreisene ho tar når ho skal på konferansar rundt i verda om truga og utdøydde språk.
Til å humre av
For ein nordist som meg er det morosamt og interessant å lese om Albas stadige tankesprang omkring språkbruk rundt henne, i skrift og tale. Refleksjonane dett ned i hovudet hennar om ho så står i potetåkeren, snakkar med eit Jehovas vitne eller lyttar til radiokanalen Radio Verdens Undergang i bilen.
Innimellom all orddvelinga klarer ho å konsentrere seg om å snakke i telefon med revisorfaren i Reykjavík eller sjukepleiarsøstera Betty, eller ho slår av ein prat med naboen Álfur eller Håkon i den kombinerte innrammings- og utstoppingsbutikken.
I det heile ser det ut til at mange på Island har kombinerte yrkesgreiner; dei kan vere sentralbanksjef og krimforfattar, flyvert og standupkomikar, grunnskulelærar og gravemaskinførar. Dette er plassert som noko sjølvsagt i romanen, men er jo til å humre av, til liks med manusa Alba får til gjennomlesing, som på satirisk vis har titlar som: «Mitt bekjentskap med rotsystemer og kjærlighet», «Nøkkelen til Kopernikus’ kommode», «Avstanden mellom Pluto og meg» eller «Katten min, Sartre, og Exceldokumentet».
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.