Musikk

Romantikk og rytme

Daniel Herskedal raffinerer uttrykket.

Daniel Herskedal saman med Eyolf Dale og Helge Andreas Norbakken. Kjelde: Foto: Dave Stapleton
Publisert Sist oppdatert

Daniel Herskedal har skapt seg eit namn og eit talrikt publikum, også internasjonalt, med den melodiøse musikken og den virtuose musiseringa på tubaen. Med Movements of Air vil han ganske sikkert nå endå fleire. Det er den femte plata med trioen, og det merkast at desse tre har spelt saman ein god del.

Herskedal er også flink å bruka den handlefridomen som ligg i instrumentariet, og med studiopålegg av ulike stemmer manar han til tider fram eit mektig, romantisk og filmatisk lydbilete. Det estetiske idealet kan på noko av repertoaret minna litt om Mathias Eicks. Her ligg Helge Andreas Norbakken under med ein groove, og Eyolf Dale spelar eit harmonisk underlag av repeterande arpeggioakkordar. Desse låtane er gjennomkomponerte, og variasjonane er i all hovudsak ikkje improviserte, men snarare arrangert ornamentikk. Det heile går duvande føre seg i medium tempo. Eit av dei mest vellukka døma på dette er låten «The White Flag».

Ved nokre høve byr Herskedal opp til dans. I «Mountain of Companions» tek han innleiingsvis bassrolla og lèt Dale få fritt spelerom før han går inn i ein fleirsporssekvens, der han spelar både ei bassostinat og ei melodistemme på toppen. Norbakken følgjer telepatisk med på handtrommer. Også i «Change» opnar han opp for Dale som kvitterer med eit originalt konstruert kor. Igjen nyttar Norbakken leiketøykassa på overraskande og effektivt vis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement