Film

Romantikaren

Céline Song er ei smakfull ny stemme for kjærleiksfilm frå New York.

Dakota Johnson og Pedro Pascal spelar leiande roller i filmen til regissør Céline Song.
Publisert

Lucy (Johnson) er ein profesjonell Kirsten giftekniv i New York. Ho arrangerer stemnemøte. Flink er ho òg. Suksess er om kundar giftar seg. Sjølv skal ho døy aleine eller med ein riking.

Ho er i bryllaup for ein kunde då styrtrike, vakre Harry (Pascal) tar ein prat på singelbordet. Nett då kjem ein servitør forbi. Jammen er det den tidlegare kjærasten hennar, John (Evans). Han sper på lønna han ikkje får som teaterskodespelar. Alt ligg til rette for eit romantisk drama av den gamle skulen.

Kriteria

Premissen høyrest horribel ut. Er det ein slapp vri på Pretty Woman? Heldigvis skriv regissør og manusforfattar Céline Song godt. Filmen driv, sjølv om Song tør å dvele. Ho held på noko av det poetiske frå debuten Past Lives (2023), som sjarmerte meg og mange andre med vakkert filmspråk. The Materialists er eit steg mot det kommersielle.

Sjekkemarknaden er ein børs. Lucy hevdar jobben er som ein forsikringsagent eller ein rettsmedisinar. Høgd, hårfeste, BMI, inntekt, helse, politisk ståstad. Kva kriterium kan hukast av? Ein operasjon som aukar høgda med 15 centimeter, inneber mange tusen i marknaden. John listar mellom sjølvironisk og sjølvmedlidande opp «fattig, stemte på Bernie, elendig familie».

Lucy sel opplegget som kjensla av å vere verd noko som menneske til dei som har litt vett. Det kan hjelpe når ei moderne kvinne innser at det ikkje er snakk om alliansar mellom kongedømme eller sal av ei ku. Ingenting er nytt. Opningsscena viser ein kjærleg transaksjon mellom to folk i steinalderen. Sjølv i dei mest kontrollerte, skjemaførte møta kan ting gå skeis. Når noko forferdeleg skjer på eit stemnemøte Lucy har sett opp, får ho sjølv ei krise som kan endre alt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement